Hopp til innhold

Verste regnvêret på 80 år

Den tyrkiske storbyen Istanbul er ramma av det verste regnvêret på 80 år. Minst 24 er omkomne i flaumen.

Flom Tyrkia
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå den dramatiske videoen her.

Store delar av millionbyen sto onsdag under vatn, medan gatene vart gjort om til rasande elvar.

24 har mista livet

Fullt kaos på denne motorvegen inn til Istanbul

Fullt kaos på denne motorvegen inn til Istanbul.

Foto: MURAD SEZER / REUTERS

På ein pressekonferanse i ettermiddag stadfesta han at 24 menneske har mista livet i flaumen i Istanbul. I tillegg har uvêret kravd minst sju menneskeliv i forstadene.

Ifølgje guvernør Muammer Guler i Istanbul er åtte personar meldt sakna.

Fjernsynsbilete viser gater som har blitt til frådande elvar, og fleire hundre køyrety er tekne av dei enorme nedbørsmengdene.

Fleire bruer øydelagde

Militærhelikopter går i skytteltrafikk med evakuerte frå hustak og andre stader der folk har teke tilflukt. Flaumen herjar i den nordvestlege delen av Tyrkia.

På motorvegen mellom Bachekoy og Saray er to bruer øydelagde, og biltrafikken er ramma over store delar av området.

Flytrafikken går førebels som normalt, opplyser luftfartsstyresmaktene.

Det er varsla meir regn i området dei komande dagane, med ein førebels topp midt på dagen onsdag.

Helikopter evakuerer folk frå bygningar i Istanbul.

Helikopter evakuerer folk frå gatene i Istanbul.

Foto: MURAD SEZER / REUTERS
Flaumen skapte kaos i Istanbul.

Bilar flaut i gatene i morgontimane onsdag.

Foto: MURAD SEZER / REUTERS

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt