Hopp til innhold

Verste kampane i Tyrkia sidan 1990-talet

Talet på drepne PKK-medlemmer er no oppe i 70 i den pågåande offensiven mot gruppa søraust i landet, ifølgje tyrkiske myndigheiter. Ikkje sidan 1990-talet har ein sett like høge dødstal i kampane mellom regjeringsstyrker og militante kurdarar.

TURKEY-KURDS-UNREST

PROTESTERER: Også i Istanbul har militante kurdarar teke til gatene, i solidaritet med folket i søraust.

Foto: CAGDAS ERDOGAN / Afp

Ifølge myndigheitene er 10.000 soldatar no sett inn i operasjonen mot PKK i det søraustlege Tyrkia, på grensa mot Irak. Fredag sa hæren at dei også hadde teke i bruk flyangrep mot PKK sine gøymestader og våpenlager.

Fryktar for borgarkrig

Raca Bilici, leiar for ein menneskrettsorganisasjon (IHD) i regionshovudstaden Diyarbakir, sa at regjeringa har teke valresultatet frå november som eit mandat til å slå hardare ned på dei militante kurdarane.

– Men når valden no spreier seg til byane er det frykt for at vi kan krysse terskelen til borgarkrig, seier han til Reuters.

To månader etter valet er store delar av det kurdiske søraust framleis i unntakstilstand, og kampane har flytta seg frå landsbygda til byane. Fleire av dei som har teke til gatene er medlemmer frå ungdomsmilitsen YDG-H.

TOPSHOT-TURKEY-KURDS-UNREST

BARRIKADAR: Ein kurdisk opprørar går gjennom ein barrikade i Sur-distriktet i Diyarbakir. Dei har laga fleire slike for å hindre politiet og spesialstyrkane å ta seg inn.

Foto: ILYAS AKENGIN / Afp

Fleire enn 130 sivile har mista livet i regionen sidan den to år lange våpenkvila tok slutt i juli, ifølge the Human Rights Association. Regjeringa på si side seier at dei har «nøytralisert» 3000 opprørarar, både i Tyrkia og i Nord-Irak. Fleire titals tyrkiske politi og soldatar har også mista livet.

Dette er berre det siste halvåret. 40.000 menneske har mista livet sidan PKK tok opp våpena for eit sjølvstendig Kurdistan i 1984. Kurdarane har vore utsette for ein hardhendt assimileringspolitikk opp gjennom årene.

TOPSHOT-TURKEY-KURDS-UNREST

STORE ØYDELEGGINGAR: Sur-distriktet i Diyarbakir har fått gjennomgå etter veker med harde kampar.

Foto: ILYAS AKENGIN / Afp

Etter at PKK sin leiar Abdullah Öcalan vart fengsla i 1999 har han teke avstand frå vald, og i 2013 inngjekk dei to partane ei skjør våpenkvile. I 2012 såg det prokurdiske partiet HDP dagens lys. Dei gjorde eit brakval tidlegare i år, men gjekk tilbake i nyvalet i november.

– Kampen mot IS er eit skalkeskjul

Konflikten har blitt ytterlegare komplisert av situasjonen i Syria, der Tyrkia er med i den USA-leia alliansen mot IS. Leiaren av HDP, Selahattin Demirtas, seier i eit intervju med Vice News at han meiner den tyrkiske kampanjen mot IS er eit skalkeskjul for å stoppe kurdarane, som også er aktive i kampen mot IS.

Han meiner også at sjølv om fleire av angrepa på prokurdiske aktivistar dei siste månadene har vorte knytt til IS, kunne ikkje desse ha skjedd om regjeringa hadde passa betre på, og siktar spesielt til Ankara der 102 aktivistar vart drepne i oktober.

No kallar Demirtas til ro på begge sider. Han forfektar ein tosidig våpenkvile, og å ta opp att fredsprosessen,

– Ein må skjøne at ein ikkje kan løyse dette problemet gjennom konflikt. Den brutte tilliten mellom dei to sidene må verte styrka og fornya.

TURKEY-KURDS-UNREST-CIZRE

SØRGAR: Slektningar sørgar over dei som vart drepne i kampane mellom PKK og regjeringsstyrkene i byen Cizre tidlegare i haust.

Foto: ILYAS AKENGIN / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt