NRK Meny
Normal

Verste flaum på 20 år - minst 90 omkomne

Minst 90 menneske har mist livet og 20 er framleis sakna etter ein øydeleggjande flaum i Peru. Rundt 100.000 menneske har mist alt dei eig.

Ricardo Lazaro (73) i Barbablanca.

Ricardo Lazaro (73) miste alt han eigde då flaum og jordras ramma landsbyen Barbablanca ved foten av Andesfjella.

Foto: Martin Mejia / AP

73 år gamle Ricardo Lazaro i landsbyen Barbablanca er ein av dei som har mist alt i flaumen. Han driv eit lite hotell, men no er alt øydelagt av jordrasa som er utløyste av flaumen. Han veit ikkje om det er mogleg å byggje det opp igjen.

Ifølgje nyheitsbyrået AP er det ikkje eit einaste heilt hus igjen i Barbablanca, ein av rundt 800 landsbyar i det nordlege Peru som er fullstendig raserte. Også hovudstaden Lima har opplevd store øydeleggingar. Flaumen er den verste i landet på 20 år.

Liknar på El Niño

Flaum i Peru.

Ein innbyggjar i landsbyen Huarmey fraktar forsyningar gjennom dei flaumstore gatene.

Foto: Cris Bouroncle / AFP

Det er eit lokalt vêrfenomen , som liknar på El Niño, som får skulda for naturkatastrofen. Stillehavet utanfor Peru har opplevd ein kraftig temeperaturauke dei siste månadene, og det har ført til enorme nedbørsmengder over Andesfjella.

Det igjen har skapt flaumstore elvar og store jordras nedover dei bratte fjellskrentane på vestsida av fjella ned mot dei flate kystslettene.

Innbyggjarane i Barbablanca fortel at dei har hatt uvanleg mykje regn heilt sidan januar, men at situasjonen ikkje vart kritisk før tidlegare denne månaden. Til slutt var det så ille at innbyggjarane måtte evakuere og trekkje høgare opp i fjellsida.

Overfløymde elvar har sett mange landsbyar under vatn, medan jordras har øydelagt bygningar andre stader. Ei kvinne fortel at ho vart teken av jord- og vassmengdene og ført tre kilometer bort frå heimen sin . Ho vart berga då ho hamna oppe på ei bru som var fullstendig dekt av gjørme.

Flaum i Peru.

Rundt 800 landsbyar er fullstendig raserte av flaum og jordras.

Foto: Ernesto Benavides / AFP
Flaum i Peru.

Øydeleggingane er dei verste i Peru på neste 20 år.

Foto: Ernesto Benavides / AFP
Flaum i Peru.

Landsbyen Barbablanca er ein av dei hardast ramma. Det meste er øydelagt av vatn og gjørme.

Foto: Martin Mejia / AP

– 1000.000 har mist alt

Styresmaktene i det søramerikanske landet reknar med at minst 100.000 menneske har mist alt dei eigde i naturkatastrofen. I tillegg til dei mange øydelagde husa er det også enorme øydeleggingar på infrastrukturen.

Vegar, bruer og jernbaneliner er vaska vekk eller dekte av gjørme, og styresmaktene reknar med det blir svært dyrt å få reparere infrastrukturen etter flaumen.

Rundt 30.000 hus er så skadde at det ikkje kan bu folk i dei, medan 164.000 hus har fått store skadar. 350 menneske er skadde som følgje av uveret.

Laster kart, vennligst vent...
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt