Hopp til innhold

Verdsbanken stoppar hjelp til Mali

Bakgrunnen er kuppet i landet.

Militærkupp i Mali

URO I FATTIG LAND: Slik såg det ut i Mali onsdag.

Foto: Harouna Traore / Ap

Torsdag kveld avgjorde Verdsbanken og Den afrikanske utviklingsbanken å stoppa all utviklingshjelp til det fattige vestafrikanske landet Mali. Årsaka er at soldatar har gjennomført eit kupp i landet.

Det var natt til onsdag at soldatar storma presidentpalasset og avsette presidenten i landet. Kuppmakarane seier at dei er misnøgde med korleis presidenten har handtert eit opprør nord i landet.

Militærkuppet blir samrøyste fordømt av regjeringar i Afrika, Europa og USA. Rundt 70 nordmenn er blant dei mange utlendingane som ikkje kjem seg ut av landet. Kuppmakarane har teke kontroll over presidentpalasset og sperra all trafikk inn og ut av Mali.

Verdsbanken og Den afrikanske utviklingsbanken er samde om å halda fram støtte til naudhjelp.

Mali blir rekna som eitt av verdas fattigaste land av FN. Over 70 prosent lever under fattigdomsgrensa.