Hopp til innhold

Verdas fredelegaste land

Noreg er det fredelegaste landet i verda, og Irak er minst fredeleg. Sjå heile lista frå Global Peace Index.

17. mai i Oslo

Noreg er kåra til det fredelegaste landet i verda.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Sjå den detaljerte lista her

Frå før er Noreg kåra til verdas beste land å leve i. No toppar vi også statistikken for fredelege land.

Global Peace Index har vurdert 121 land i verda ut frå i alt 24 faktorar, alt frå talet på drap i forhold til folketalet  til kor mange våpen det er i landet. Det same gjeld utgifter til militæret.

Slik er situasjonen for mange i Sadr-bydelen i Bagdad.

Slik var 30. mai 2007 for denne guten i Sadr-bydelen i Bagdad.

Foto: KAREEM RAHEEM / REUTERS

Også forholdet for demokratiske rettar er med i vurderinga, det same er kor sannsynleg det er med valdelege demonstrasjonar og kor stor tillit vi har til andre.

Etter  Noreg på lista kjem New Zealand, Danmark, Irland, Japan, Finland, Sverige, Canada, Portugal og Austerrike.

I den motsette enden av lista ligg ikkje uvanta Irak. Sudan er nest verst, så kjem Israel, Russland, Nigeria, Colombia, Pakistan, Libanon, Elfenbeinskysten, Angola, Sri Lanka og Usbekistan.

USA er også langt nede på lista med berre 25 land som blir karakterisert som verre.

Global Peace Index er utarbeidd av The Economist Intelligence Unit, som er nært knytt til tidsskriftet The Economist. Lista blir publisert nokre dagar før G8-landa opnar.

- Dette er eit varsku til leiarar over heile verda, seier Steve Killelea, som har ansvaret for undersøkinga.

- Land som Japan og Tyskland kan gi håp og optimisme til land lenger nede på lista. Det er eit lys i den andre enden av tunnelen, legg han til.

Global Peace Index har sterkt itnernasjonal støtte i utarbeidinga av lista. Blant dei mange internasjonale toppfigurar som stiller seg bak lista er fredsprisvinnarane Dalai Lama, Desmond Tutu, Jimmy Carter og Joseph Stiglitz.

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt