Hopp til innhold

Verda sjekkar kinesiske søtsaker

Mjølkepulverskandalen i Kina blir stadig meir omfattande. I Asia og Europa blir matvarer som kan innehalda forgifta kinesisk mjølk fjerna frå butikkhyllene.

Mjølkepulver-skandalen i Kina

Politiet viser fram ein pakke kinesiskprodusert Oreo-kjeks, som dei mistenkjer kan innehalda giftig mjølkepulver.

Foto: JES AZNAR / AFP

Land som Australia, Japan og Canada testar no sukkertøy, kjeks og andre produkt som kan innehalda forgifta kinesisk mjølk.

Kontrollar i ei rekkje land

Det er fyrste gong det vert sett søkjelys på noko anna enn reine mjølkeprodukt. Det understrekar kor alvorleg saka har vorte.

I ei rekkje asiatiske og europeiske land vert det no gjennomført kontrollar av matvarer som kan innehalda mjølk eller mjølkepulver frå Kina.

Video nsps_upload_2008_9_25_8_20_53_14.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Kinesisk mjølke-pulverskandale sprer seg

I Australia og New Zealand tester myndigheitene ein kinesiskprodusert kjærleik på pinne samt eit populært sukkertøy kalla White Rabbit Creamy Candies.

Sjølv EU vil undersøkja om mjølkeskandalen i Kina kan utgjera ein helserisiko i medlemslanda, trass i at EU ikkje importerar mjølk eller mjølkeprodukt frå Kina.

I Kina har kaffekjeda Starbucks måtta byta ut mjølka dei har brukt i dei 300 filialane sine grunna mistanke om at den kan vera tilsett melamin.

Gratis testing

Det giftige stoffet melamin har vorte oppdaga i kinesisk mjølk og ført til at fire born har mista livet, medan 53.000 har vorte sjuke.

LES: 53.000 born sjuke av giftig mjølk

I Hongkong har myndigheitene no innført gratis testing av babyar og småborn for å roa bekymra foreldre.

- I denne situasjonen er me alle bekymra. Alle små kan ha fått i seg farleg mjølk, seier ein forelder.

EU og USA krev no at kinesiske myndigheiter skjerpar kontrollen av matvarer.