Hopp til innhold

Verda i opprør mot dyr bensin

Rasande lastebilsjåførar protesterar over heile verda mot aukande bensinprisar.

Land som protesterer mot bensinprisene
Foto: Grafikk / NRK

Den høge oljeprisen har ført til rasande lastebilsjåførar som aksjonerar frå Portugal til Malaysia denne veka. Konsekvensane er drivstoffmangel og vald som ristar grunnvollane til næringsliv og regjeringar over heile verda. Og protestane ser berre ut til å auke i omfang.

Flyplassen i Lisboa tom for drivstoff

Lastebilsjåførane gjekk til streik i Portugal på måndag og blokkerte fleire vegar i landet. To streikande lastebilsjåførar miste livet i samband med desse blokadane.

Fleire bensinstasjonar gjekk tomme for bensin og lange bensinkøar danna seg rundt om i landet. Men ikkje nok med det, flyplassen i Lisboa gjekk tom for drivstoff, noko som lamma delar av flytrafikken.

Butikkar og kjøpesenter i Portugal melder no at blokkaden har ført til tomme hyller og at dei snart går tom for varer.

Spansk bilindustri må stenge

Bensinprotestane i Spania har ført til at dei 18 spanske bilfabrikkane må stenge dørene i dag grunna av mangel på drivstoff og bildelar. Bilindustrien står for 5% av spansk brutto nasjonalprodukt bilindustri.

Sinte spanske lastebilsjåførar blokkerte og grensepasseringa til Frankrike, medan franske kollegaer freista å gjere det same på andre sida av grensa.

Stengde butikkar i India

Indiske myndigheiter måtte å auke bensinprisen med 10% førre veke, rett og slett fordi subsidieringa av bensin førte dei statlege oljeselskapa på randen til konkurs.

Resultatet vart umiddelbart spontane streikar, som tvang fleire butikkar til å stenge.

100.000 på gatene i Malaysia

Opposisjonen i Malaysia har varsla at dei vil mobilisere 100.000 demonstrantar mot dei høge bensinprisane. Dette har ført til at statsminister Abdullah Ahmad Badawi, har lova å ikkje auke bensinprisen ytterlegare.

Regjeringa vaklar i Sør-Korea

Regjeringa i Sør-Korea er under sterkt press etter at lastebilsjåførane der har vedteke å streike mot dei høge drivstoffprisane. Det hjalp lite at regjeringa vedtok ein krisepakke på 10 milliardar dollar for å subsidiere dei aukande prisane.

Lastebilsjåførar på i gatene i Thailand

På onsdag streika fleire tusen lastebilsjåførar i Thailand. Den thailandske transportorganisasjonen, som kan stille med 400.000 lastebilar, truar med større aksjonar om ikkje drivstoff blir billegare.

Saudi Arabia tilbyd seg å hjelpe

Den saudiarabiske kongen Abdullah bin Abdul Aziz har tidlegare denne veka tilbydt seg å hjelpe til med å senke oljeprisen ved å pumpe meir olje. Landet har dei største oljeførekomstane i verda (om lag 20% av verdas reservar) og er blant dei få landa i verda som ikkje produserar for fullt.

Men om oljepumper på høggir i Saudi Arabia kan senke prisen på det svarte gullet, gjenstår og sjå. For panikken i oljemarknaden ført til hamstring av olje, noko som gjer at spekulanter bidreg til at prisen held seg kunstig høg, seier BBC.

Samstundes aukar raseriet hjå lastebilsjåførar verda rundt i omfang og styrke.

SISTE NYTT

Siste nytt