22. juli-terroren, den blodige Afghanistan-krigen og opprøret i dei arabiske landa kan fort få oss til å tru at verda går i feil retning. Men ny forsking viser at det aldri har vore tryggare å vere menneske enn i dag.
Dette kjem fram i ny forsking som er publisert i tre nye bøker, mellom anna av Harvard-psykologen Steven Pinker. Statistikken viser ein dramatisk nedgang i talet på krigsoffer, familievald, rasisme, valdtekter, mord og det meste anna av grusomme ting.
– Valdsnedgangen dei siste hundreåra er kanskje det viktigaste som har skjedd i historia til menneska, men det blir ikkje sett pris på, skriv Pinker.
Funna han har gjort er basert på omfattande studium av historiske kyrkjegardar, undersøkingar og historiske kjelder.
– Det er lett å gløyme kor farleg livet var før, og korleis brutaliteten var ein naturleg del av det daglege livet.
Her er nokre av dei oppsiktsvekkjande tala:
- Talet på menneske drepne i krig var fleire tusen gonger høgare i dei tidlege sivilisasjonane. Før dei første organiserte statane eksisterte, døydde meir enn 500 av 100.000 menneske i strid. I Frankrike på 1800-talet var dette talet 70. Dette haldt seg stabilt på 1900-talet grunna verdskrigane, då det var 60 drepne per 100.000. Så langt i vårt hundreår er dette talet krympa til 0,3.
- Det døyr færre i konfliktane. I 1950 døydde det i gjennomsnitt 10.000 per konflikt. I dag er talet på under 1000. Og talet på dei dødelegaste krigane har falle med 78 prosent berre sidan 1988.
- Talet på folkedrap var 1.400 gonger høgare i 1942 enn i 2008.
- Det var færre enn 20 demokratiske land i verda i 1946. I dag er det nærare 100. Samtidig har talet på autoritære regime krympa frå 90 i 1976 til rundt 25 i dag.
- Talet på mord i Europa har falle frå nær 100 per 100.000 innbyggjar på 1400-talet til rundt 1 per 100.000 innbyggjar i dag.
- Valdtekter i USA har falle med 80 prosent sidan 1973. I det same året var det registrert 150 lynsjingar i landet. I dag er dette ikkje-eksisterande.
- Diskriminering av svarte og homofile har falle skarpt dei siste tiåra. Det same gjeld for dødsstraff og misbruk og avstraffing av born.
Smarte folk = fredeleg samfunn
Pinker konkluderer med at befolkninga i verda stadig vert klokare og meir opplyst, og at fred er ein konsekvens av eit opplyst samfunn.
IQ-testar viser at den gjennomsnittlege tenåringen stadig vert smartare for kvar generasjon. Ein gjennomsnittleg ungdom i dag ville nærast ha vore rekna som eit geni for 100 år sidan. Denne auken i intelligens viser seg igjen i ei snillare og fredelegare verd, skriv Pinker.
– Når me vert smartare kjem me på andre måtar å løyse konfliktar på enn vald. Menneskelivet har blitt meir verdifullt enn det var før, seier Pinker i eit intervju med vitskapsmagasinet Nature.
Overdriven frykt for terror
Nyheitsbiletet det siste tiåret har vore prega av mange terrorhandlingar. Men terrorismen har hatt svært lite å seie i det store biletet.
– Terrorisme står for svært få dødsfall. 11. september var eit ekstremt unntak. Det har aldri før eller sidan vore eit terroråtak i nærleiken av dei same dødstala. Alt terroren gjer er å generere frykt, seier Pinker.
Pinker fortel at mange blir overraska når han viser den dramatiske valdsnedgangen i verda. Men sjølv om det finst akademikarar som er ueinige med forskarane om utviklinga vidare, er det ingen som har klart å motbevise valdsnedgangen.
Alltid vald i nyheitene
Joshua Goldstein er Professor i internasjonale relasjonar ved American University i Washington, D.C. og fortel den same historia som Pinker.
– Me ser grufulle ting i nyheitene kvar dag. Blodet vil alltid vere like raudt på fjernsynsskjermen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Men, situasjonen er ikkje heilt rosenraud. Goldstein peiker på at, sjølv om det ikkje har vore eit atombombeåtak i 66 år, så kan berre éi bombe forandre på heile den historiske trenden om ein fredelegare verd.
Likevel trur både Goldstein og Pinker at verda vil halde fram med å bli endå fredelegare.
– Me har gått frå bålet til steikepanna. Det er ein framgang. Men me kan framleis kome oss ut av steikepanna, avsluttar Goldstein.