Andre omgang av presidentvalet i Ukraina stod mellom statsminister Viktor Janukovitsj og opposisjonsleiaren Viktor Jusjtsjenko. Dei offisielle resultata viste at Janukovitsj vann med over ein million røyster, men Jusjtsjenko sine tilhengjarar meinte det hadde gått føre seg eit omfattande valfusk.
Internasjonale valobservatørar har støtta dette synet, Blanat dei OSSE, Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa.
Opposisjonen har halde daglege demonstrasjonar i Kiev og andre byar med fleire hundre tusen deltakarar. Kravet har vore eintydig, at valet må kjennast utgyldig, og at Viktor Justsjenko skal innsetjast som president.
Dei siste dagane har også Janukovitsj sine tilhengjarar byrja å demonstrere til støtte for han. Janukovitsj står særleg sterkt i det austlege Ukraina, spesielt i Donetsk-regionen.
Jusjtsjenko har sterkast støtte i den vestlege delen av landet, og konflikten mellom dei to går i stor grad ut på om Ukraina skal orientere seg mot aust eller vest. Jusjtsjenko vil orientere Ukraina meir mot Vest-Europa og EU, medan Janukovitsj vil behalde det sterke bandet til Russland. I Aust-Ukraina bur det ogsås mange etniske russarar.
Begge sider i konflikten verkar vere samde om at eit nyval er beste løysinga, men det er sterk usemje om det skal vere eit heilt nytt val, eller berre ein repetisjon av andre valomgang.
Jusjtsjenko nektar å godta noko anna enn ein ny valomgang mellom han og Janukovtisj, medan den sitjande presidenten Leonid Kutsnma meiner heile valet må gjenomførast på nytt slik at også andre kandidatar kan delta.
I går fekk han støtte frå Russlands president Vladimir Putin i dette synet.
Tilhengjarar av Viktor Jusjtsjenko ventar spent på avgjerda i høgsterett. (Foto: AP/Scanpix)