Hopp til innhold

– Livredde syrarar flyktar frå alt dei eig

Syriske familiar må springa frå både hus og buskap for å berga liva sine. Men berre dei som er gode nok til beins greier å flykta over fjella og inn i nabolandet Tyrkia.

Hallvard Sandberg og Mohammed Alayoubi i Syria

NRK-reporter Hallvard Sandberg og fotograf Mohammed Alayoubi rapporterer frå Nord-Syria, der tusenvis av menneske er tvungne til å flykta over grensa til Tyrkia.

Foto: NRK

Frå høytalarene til ein lokal moské kjem det desperate rop om at hæren er på veg, og at regimemotstandarane treng våpen til å forsvara landsbyen.

Regjeringsstyrkane er i full gang med å «sikra tryggleiken» i Idlib-provinsen nord i Syria. Dei tek for seg landsby etter landsby, og slår hardt ned på all motstand dei møter på vegen.

– Folk her er livredde, fordi hæren er på veg til heimplassen deira. Dei har høyrt om grufulle overgrep, avrettingar og massevaldtekter i nærliggjande landsbyar. No fryktar dei at dei er neste stopp, fortel NRK-reporter Hallvard Sandberg.

Spedborn og gamle

Saman med kollega Mohammed Alayoubi er Sandberg til stades på den syriske grensa til nabolandet Tyrkia.

Der står mange hundre familiar klare til å rømma frå den syriske hæren sine herjingar.

– Her er alt ifrå spedborn til gamle menneske samla i ein stor «venteleir» laga av striesekkar. Dei kjem frå landsbyar 30-40 kilometer unna og har ingen våpen til å beskytta seg og familiane sine med, seier Sandberg.

(Saka held fram under biletet)

Syrisk barn i flyktningleir i Tyrkia

Ei syrisk jente er i trygge hender i ein flyktningleir på den tyrkiske sida av grensa. På den andre sida står mange tusen klare til å rømma frå det brutale Assad-regimet.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

– Såg venen min bli skoten

Styresmaktene i Syria slår hardt ned på demonstrasjonane mot president Bashar al-Assad. Ifølgje nyheitsbyrået AFP angreip syriske styrkar nye landsbyar i nærleiken av Jisr al-Shughur ved morgongry torsdag.

– Eg såg ein av venene mine bli skoten, men eg veit ikkje korleis det gjekk med han. Hæren kom med stridsvogner og skarpskyttarar. Dei skaut mot alt og alle, fortel Abu Nuuar (45), som greidde å flykta frå ein av dei angripne landsbyane.

Så langt har meir enn 10.000 syrarar flykta til nabolanda Tyrkia og Libanon. Ifølgje det tyrkiske nyheitsbyrået Anatolia har om lag 7000 teke seg over grensa til Tyrkia, medan 10.000 fleire ventar på å koma seg over.

– Det lyser frykt ut av augo deira

På den andre sida ventar teltleirar organisert av Raude Halvmåne i Hatay i Tyrkia. Flyktningstraumen frå Syria er no så stor at organisasjonen er i ferd med å opna to nye leirar.

Den tyrkiske utanriksministeren Ahmet Davutoglu var i går i Hatay for å få eit inntrykk av situasjonen på grensa. Han fortel om eit sterkt møte med mange traumatiserte menneske.

– Det lyser frykt ut av augo på flyktningane eg har snakka med i leirane. Det er svært vanskeleg for ei 70-år gammal kvinne å dra frå heimen sin heilt åleine for å sleppa unna valden i heimlandet, fortel Davutoglu.

(Saka held fram under biletet)

TURKEY-SYRIA-POLITICS-UNREST-REFUGEE

Tusenvis av syrarar har søkt tilflukt i Raude Halvmåne sine leirar i Hatay, Tyrkia

Foto: MUSTAFA OZER / Afp

Berre dei friske kan dra

Flyktningane i dei syriske venteleirane samlar ved som dei bruker til å koka kjøt, ris og grønsaker i grytene sine . Stemninga er prega av frykt og uvisse, fortel NRK-reporter Sandberg.

Familiane vil aller helst bli i heimlandet sitt, men kan bli tvinga til å ta seg over grensa til Tyrkia dersom det syriske regimet held fram med offensiven i nord.

Grenseområdet mellom Nord-Syria og Tyrkia

Grenseområdet mellom Nord-Syria og Tyrkia.

Foto: Hallvard Sandberg / NRK

Må dei dra, har dei ein krevjande tur i vente. Høge fjell med tett vegetasjon og ulendt terreng dannar ei naturleg grense mellom Syria og Tyrkia. Den krevjande fotturen tek minst to timar

– Berre dei som har friske nok bein å gå på kjem seg over fjellet. Dei må dessutan etterlata seg buskapen sin, bilar, kokekar og elles alle eigedelar, fortel Sandberg på telefon frå nord-Syria.

– Eg gruar meg

NRK-teamet har blitt rådd til å dra til Tyrkia så fort som mogleg. Det er for farleg å bli i landsbyane som ligg langs hæren sin krigssti.

– Me reiser truleg tilbake i kveld. Eg gruar meg til fotturen. Det står to syriske vakttårn på grensa som me må koma oss forbi utan at vaktane får auge på oss, seier Sandberg.

Generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon var i dag i samtalar med den syriske presidenten, og oppmoda han på det sterkaste om å «slutta å drepa folk» og til å opna for dialog.

Samstundes seier USA at dei no trappar opp kontakten med syriske regimemotstandarar både på innsida og på utsida av Syria.

SISTE NYTT

Siste nytt