Hopp til innhold

Ventar meir orkanherjing i Karibia

Det er knapt to veker sidan orkanen Irma gjorde stor skade i Karibia. No stålset folket i Karibia seg på orkanen Maria.

Hurricane Irma Alfonso Jose Jr

GUTEN I KJØLEBOKSEN: Ein gut blir berga med ein kjøleboks i Florida etter orkanen Irma, som var ein av dei kraftigaste i manns minne.

Foto: David Goldman / AP

– Eg trur ikkje nokon er følelsesmessig budde på «Maria», seier eigedomsmeklaren frå Jomfruøyane, Cruselda Roberts til New York Times.

Den tropiske stormen Maria er blitt oppgradert til orkan. Den bevegar seg mot nokre av dei karibiske øyene som nyleg vart ramma av orkanen Irma.

STORM-IRMA/SINTMAARTEN

KAOS PÅ HAMNA: Fritidsbåtar ligg hulter til bulter i Saint Martin i Karibia.

Foto: ALVIN BAEZ / Reuters

Irma var ein av dei kraftigaste orkanane som har råka Karibia. Kategori 4 uveret førte til at 34 menneske miste livet.

Maria er svakare, men kjem no mot samfunn som allereie er delvis rasert av Irma.

Orkanen Maria har ein styrke på 33 meter per sekund og er om lag 200 kilometer nordaust for Barbados.

Laster Twitter-innhold

Familien Widwey frå Karmøy, seier til NRK at dei igjen må søke dekning.

Familien Widvey på St. Thomas.

BOR PÅ ST. THOMAS: Familien frå Rogaland jobbar med å leie ut feriehus på den idylliske øya St. Thomas, og har budd der i snart tre år.

Foto: Ingrid Widvey.

– No har vi fått vite orkanen «Maria» kjem på besøk. All oppryddinga etter «Irma», er litt forgjeves. Det er så synd, seier Ingrid Widvey til NRK.

St. Thomas ligg i dei amerikanske Jomfruøyane, der det var store øydeleggingar etter Irma.

Ein av dei mest profilerte innbyggarane på Jomfruøyane er forretningsmannen Richard Branson. På Twitter ber han folk om å søke dekning.

Det er venta at orkanen Maria vil treffe Leewardøyane tysdag.

Laster Twitter-innhold

Ifølgje USAs nasjonale orkansenter (NHC) vil Maria styrke seg til i alle fall å bli ein kategori 3-orkan, og prognosane viser at den deretter vil bevege seg mot Puerto Rico, Den dominikanske republikk og Haiti.

Det er sendt ut orkanvarsel på fleire øyer i Karibia, deriblant Barbados, St. Lucia, St. Martin og Antigua og Barbuda.

DOUNIAMAG-NETHERLANDS-OVERSEAS-WEATHER-HURRICANE-IRMA

NAUDHJELP: Nederlanske soldatar kom med naudhjelp til folket ved St. Martin i Karibia. No er ein ny orkan på veg.

Foto: GERBEN VAN ES / AFP

Det har også blitt sendt ut varsel om at ein tropisk storm er på veg mot den nordaustlege kysten av USA.

SISTE NYTT

Siste nytt