Når USAs president Barack Obama landar i Kenya på fredag, så er det første gongen han besøker sin fars heimland som amerikansk president.
«Mama Sarah» er klar for besøk
Han har to gonger tidlegare vore på besøk til Kogelo, ikkje langt frå storbyen Kisumu i Nordvest-Kenya, der faren vaks opp. Først var han på besøk til bestemora si i 1995, og deretter som senator i 2006.
- LES OGSÅ:
No får bestemor Sarah på ny besøk av sonesonen som har gjort ho til ein populær turistdestinasjon. Men det er også fleire andre millionar kenyanarar som er spente framfor det storstilte besøket.
Politiet meiner at så mange som 300.000 menneske kjem til å møte fram ved ein stadion i bydelen Kasarani i Nairobi for å høyre Barack Obama tale neste fredag. Det skriv den kenyanske avisa Daily Nation.
- LES OGSÅ:
Terrorfare
Men om alle kjem til å sleppe inn er høgst usikkert, for detaljane rundt president Obamas besøk vert haldne hemmelege.
Nokre trur det berre er inviterte personar som kjem inn, medan andre håper dørene vert haldne opne. I så fall vil politiet ha eit problem, då det er venta at mange vil gå langt for å høyre og sjå Obama.
Tryggleiken er ei stor utfordring framfor besøket, både fordi Obama er eit mogleg terrormål, og fordi Kenya har vore utsett for terror fleire gonger den siste tida.
- LES OGSÅ:
Mest kjent er angrepet mot Westgate-kjøpesenteret i 2013, men også dei siste månadane har den somaliske terrorgruppa Al-Shabaab gjennomført fleire angrep nord i Kenya. Angrepet mot ein høgskule i Garissa i påsken er det mest alvorlege, med 148 drepne.
Kjem han til å snakke om homofili?
I Kenya har diskusjonen gått om kva Obama bør snakke om og ikkje. Mange meiner at Obama ikkje må ta opp homofilitemaet, slik han har gjort ved tidlegare afrikabesøk. Kyrkjeleiarar og Twitter-brukarar er blant dei som har ytra mange og sterke meiningar kring homofili.
- LES OGSÅ:
Men andre, deriblant fleire parlamentspolitikarar, meiner at ein ikkje kan diktere ein statsleiar, og at Obama skal få snakke om akkurat det han vil.
Opposisjonen i Kenya er opptekne av å peike på det dei meiner er eit korrupt styre i landet.
Under sitt besøk kjem Obama til å vere vert på eit arrangement i FN-regi som handlar om ungt entreprenørskap. Den jobben har han saman med sin kenyanske kollega, Uhuru Kenyatta.
- LES OGSÅ: