NRK Meny
Normal

Ventar italiensk opprør også her i landet

Sp-politikar Per Olaf Lundteigen reknar med at det blir liknande politisk opprør som det vi ser i Italia, i fleire andre europeiske land.

Per Olaf Lundteigen

Per Olaf Lundteigen (Sp) åtvarar mot at også Noreg kjem til å bli ramma av den økonomiske krisa.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

Den italienske komikaren Beppe Grillo har skapt eit politisk jordskjelv i Italia. Protestrørsla han leier, Femstjernealliansen, fekk over 25 prosent av røystene ved parlamentsvalet tidlegare denne veka.

Beppe Grillo

Komikaren Beppe Grillo har skapt eit politisk jordskjelv i Italia.

Foto: Bram Verbeke / NRK

Alle er samde om at det har vore eit protestval mot dei eksisterande politiske partia og mot stadig aukande arbeidsløyse og fattigdom.

LES OGSÅ: - Anti-politikaren Beppe Grillo kan bli ein farleg politikar

LES OGSÅ: – Ingen storkoalisjon i Italia

– Djup krise i Europa

– Europa er inne i ei djup krise. Vi her i landet har kome unna fordi vi har oljen og råvareeksporten, men vi vil også bli ramma, seier Per Olaf Lundteigen. Han har i mange år tala varmt for ein anna økonomisk politikk, der kvart land tek ansvar for at det er eit sunt forhold mellom produksjon og forbruk.

– Det har vore framstilt slik at eg vil at vi skal produsere alt vi treng her i landet. Det har eg aldri sagt. Eg har sagt at vi må produsere det vi har naturlege føresetnader for og har eit miljø for, seier Lundteigen til NRK.no.

Senterparti-politikaren frå Øvre Eiker i Buskerud støttar seg på dei økonomiske teoriane til den britiske økonomen John Keynes når han seier at for å halde oppe velferda over tid, er det naudsynt med ein balanse i forholdet mellom produksjon og forbruk.

LES OGSÅ: Tysk politiker: Grillo og Berlusconi er klovner

LES OGSÅ: Italiensk kaos

Meir nasjonal produksjon

Arkivfoto

– Det er ikkje lenger lønsamt å drive treforedling i Noreg, seier Per Olaf Lundteigen.

Foto: Rainer Prang / NRK

Lundteigen kjenner ikkje politikken til Beppe Grillo, men har fått med seg at han blant anna går inn for tiltak for å betre miljøet og for at Italia skal produsere meir av varene sine sjølve. Det synest han er positivt.

– Eg har vore i Italia med finanskomiteen på Stortinget, men då gjekk vi i finansgatene og møtte ikkje vanlege folk, seier han.

Lundteigen meiner at det faktum at meir og meir av produksjon går føre seg i lågkostland i Asia, samstundes som forbruket aldri har vore høgare her i Europa, er sjølve oppskrifta på krisa.

LES OGSÅ: Først vant Fredriksen laksestrid mot Berg-Hansen, så snappet han statssekretæren hennes

LES OGSÅ: KrF- og Sp-toppar krev unnskyldning til Island

– Renessanse for realøkonomi

– Det er ingen tvil om at vi står framfor ei djup økonomisk krise. Finanssektoren vil tape store pengar, og vi vil oppleve sosial uro som vil forrykkje maktbalansen i samfunnet, seier han. Han trur dette vil skje i fleire EU-land, og få store konsekvensar også her i landet.

Lundteigen meiner at det er på høg tid med ein renessanse for realøkonomien, der kvart enkelt land må utnytte sine konkurransefortrinn.

Som eksempel på det han meiner er eit vanvitig system nemner han at treforedling ikkje lenger lønner seg i skogbruksnasjonen Noreg. Og med dei klimautfordringane verda står overfor meiner han det er heilt naudsynt å produsere lokalt, i staden for å frakte varer over heile verda.

LES OGSÅ: Knallgul skattekrangel i Stortinget

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt