Ventar «regnkaos» i Sverige og Danmark

Svenske og danske meteorologar har sendt ut varsel om kraftig regn i helga. Uvêret kan òg koma til Noreg, i så fall er det Austlandet som blir råka.

Regnvær i Gøteborg

REGN I GÖTEBORG: Eit skikkeleg regnvêr i Göteborg søndag kveld skapte utfordringar for fansen på veg til konserten med Coldplay på Ullevi.

Foto: Björn Larsson Rosvall/tt / NTB scanpix

Torsdag formiddag er heile Danmark ramma av regnbyer, melder Danmarks Meteorologiske Institut (DMI) til Berlingske. Og sjølv om uvêret allereie er i gang, har danskane det verste framfor seg. DMI varslar vedvarande regn heile helga, enkelte stader kan regnvêret bli kraftig.

– Fredag vil eg vera riktig bekymra, seier Janne Hansen i DMI.

Laster Twitter-innhold

Regnvêret er dårleg nytt for dei som er på Roskilde-festivalen denne veka. DMI seier at Roskilde vil kunne få nokre heftige byer i 18-19-tida i dag. Det vil kanskje regne heile natta og fram til fredag føremiddag.

Tidlegare denne veka skreiv NRK om foreldre som er bekymra for at barna deira frys og er våte på Roskilde-festivalen.

Usikkert om det kjem til Noreg

– Det er stor uvisse om regnvêret kjem til Noreg, prognosane har gjeve litt ulike tal, seier statsmeteorolog Kristen Gislefoss.

Han fortel at Sør-Sverige og Danmark kan bli råka av kraftig regn utan at det treng å koma til Noreg, men det er vanskeleg å seia noko enno.

På dette satellittbildet ser vi korleis eit lågtrykk er på veg innover Skandinavia. Dei kvite områda utanfor den sørlege kysten i Sverige tyder på kraftig regn.

Satelittbilde

LÅGTRYKK: Eit uvêr er på veg innover Skandinavia.

Foto: NRK

Varslar kaos også i Sverige

Svenske Expressen åtvarar òg mot «regnkaos» i dagane som kjem, og spår ei våt og kjølig helg. Sveriges meteorologiska och hydrologiska institut (SMHI) har sendt ut varsel om kraftig regn og oversvømming. I varselet heiter det at det er «risk för mycket besvärligt väder». Det er òg fare for høg vassføring i mindre elver.

– Det dominerande lågtrykket vil gjeva ein trist vêrperiode frå torsdag til laurdag, seier meteorologen Johan Groth.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt