Hopp til innhold

Venta i frykt heime i Noreg: – Systera mi kom seg ut rett før bygningen kollapsa

Dei har familie i Tyrkia og Syria, men sit i Noreg med hjarta i halsen. Nokre har fått kontakt med familien, med andre ventar framleis på ein telefon.

Hakans familie mistet hjemmene i Tyrkia

Hakan snakkar med familien i Tyrkia.

Fleire tusen menneske er døde etter nattas jordskjelv i Tyrkia og Syria.

Hakan Öztorun bur på Hadeland, men har store delar av familien sin i Tyrkia. Han fortel til NRK at han ikkje høyrde frå dei før klokka 08.00 – fleire timar etter det fyrste skjelvet.

– Vi ringde og lurte på kvifor dei ikkje svarte. I mellomtida kjempa dei for liva sine.

Broren hans skal ha køyrt til systera og høyrt at ho skreik under ruinane. Dei bur i Adıyaman.

– Han slo ned døra og redda ut henne og dottera, fortel Öztorun.

Et bolighus har rast fullstendig sammen i Diyarbakir i Tyrkia.

Eit hus har rast fullstendig sman i Diyarbakir i Tyrkia.

En baby blir reddet i Malatya i Tyrkia.

Ein baby blir redda i Malatya i Tyrkia.

Malatya i Tyrkia.

Malatya i Tyrkia.

En ødelagt moské i Malatya i Tyrkia.

Ein ødelagt moské i Malatya i Tyrkia.

Malatya i Tyrkia.

Malatya i Tyrkia.

Turkey Earthquake

Malatya i Tyrkia.

Sammenrast bygning i Malatya i Tyrkia.

Malatya i Tyrkia.

Alle har mista bustaden sin.

– Det er jamna med jorda. Systera min og mannen hennar, som bur i Malatya, klarte så vidt å rømme ut før bygningen kollapsa bak dei, seier Öztorun.

– Eg er glad for at ikkje liv gjekk tap. Eg hadde hjartet i halsen før eg fekk vite at dei var i live.

Hakan Öztorun.

Hakan Öztorun.

Foto: Pål Martin Rossing / NRK

Får ikkje kontakt med familien

Halil Dörtkas er frå byen Gölbaşı i Tyrkia, men bur i Bergen. Han er svært bekymra for familien som han ikkje har klart å få kontakt med.

– Dei har ikkje straum eller telefonar. Det er ingen varme og det snør der nede, fortel han.

Halil Dörtkas i Bergen.

Halil Dörtkas i Bergen.

Foto: Mette Anthun / NRK

Han er redd for at familiemedlemmar ligg under ruinane.

– Fetteren min bur nær episenteret og blei redda ut frå ruinane. Vi veit ikkje kva som har skjedd og korleis han har det no. Det er sjokkerande og trist. Eg har ikkje ord.

Bygningane skjelv

– Dette er ein forferdeleg situasjon. Vi har ikkje straum og ikkje noko vann, fortel familiefar Ahmad al Hadid som er i Idlib i Syria.

Familien på seks står på gata då NRK ringer. Bygningane skjelv framleis.

– Eg har fire små barn som redde og som gret, seier Hadid.

Samtalen blir broten på grunn av straumbrotet.

Ahmad Al Hadid viser fram skadane etter skjelvet.

Redd

Shadi Alnaqshi er på ferie i Tyrkia, rundt 25 kilometer frå senteret av jordskjelvet.

Eg vakna av at det kjendest som om fem–seks mann stod og rista i senga mi. Situasjonen etterpå, nei, eg har ikkje ord, seier Alnaqshi til NRK.

Eg høyrde ting knuse, menneske rope, skrike, gråte, legg han til.

Moské i Tyrkia.

Moskéen i Tyrkia.

Foto: Privat

Alnaqshi oppheld seg no i ein moské i nærleiken av der han budde, saman med om lag 300 andre.

Dei fleste av dei er eldre menneske, folk i rullestolar, kvinner og barn. Vi har ikkje straum, ikkje vatn. Gassen er stengd. Ingen butikkar, kafear eller restaurantar er opne. Alt er stengt, så det vi har ete i dag er litt kjeks.

Dette er berre heilt ubeskriveleg. Eg har ikkje ord, seier Alnaqshi.

Skjelvet ramma søraust i Tyrkia, nær grensa til Syria.

I sjokk

Jordskjelvet som i natt ramma Tyrkia og Syria hadde ein styrke på 7,8.

I Alanya, 60 kilometer frå episenteret, kunne Vibecke Jægersen Reigstad kjenne dønningane frå skjelvet.

Eg kjende plutseleg at alt rista, og det gav seg ikkje. Det berre rista og rista, fortel ho.

Bilete frå skjelvet i Tyrkia

Bilde av vegen som Vibecke Jægersen Reigstad har fått tilsendt av sambuaren.

Foto: Privat

Norunn Langøy er i Kozan, berre eit par timars køyring frå episenteret.

– Det var som om heile bakken bølgja under meg, seier Langøy til NRK.

Langøy har aldri opplevd noko liknande.

– Vi er i sjokk. Nokon grin og nokon ler. Vi har rømt til ein landsby. Her sit vi med kjærasten min sin familie. Alle sit og ringjer. Dei prøver å finne ut om kjende og kjære er ramma, seier Langøy.

SISTE NYTT

Siste nytt