Hopp til innhold

Venezuelas opposisjonsleiar: – Ligg unna familien min!

Hemmeleg politi truar familien min, hevdar opposisjonsleiaren i Venezuela. – Feil, seier politiet.

Venezuela Political Crisis

Den 35 år gamle opposisjonsleiaren Juan Guaido saman med kona Fabiana og den 20 månadar gamle dottera Miranda utanfor leiligheta i Caracas.

Foto: Fernando Llano / AP

Det var i går at agentar frå det frykta hemmelege politiet skal ha oppsøkt leiligheita til Juan Guaido, opposisjonsleiaren i Venezuela.

– Dei bad om å få snakke med kona mi, seier Guaido ifølge nyhetsbrået AP.

Han fortel at også den knappe to år gamle dottera hans var i huset då agentane dukka opp.

VENEZUELA-POLITICS/
Foto: ANDRES MARTINEZ CASARES / Reuters

Falske påstandar?

– Heilt feil, seier politisjefen ifølge AP.

Han nektar for at agentar frå det hemmelege politiet har vore heime hos Guido.

– Skulle noko skje med familien, vil det hemmelege politiet bli haldne ansvarlege, seier Juan Guaido ifølge AP, og åtvarar regimet:

– Ligg unna familien min!

Nyhetsbyrået AP møter Juan Guaido i leiligheta der han bur med kone og barn. Den ligg i ein middelklassebydel i Caracas. Den 35 år gamle opposisjonsleiaren er fast bestemt på å halde fram kampen mot regimet til president Nicolás Maduro.

Juan Guaido meiner han er den rettmessige leiaren i Venezuela i ein overgangsperiode fram til det kan haldast nye val i landet. Han er president i parlamentet og har støtte frå USA og fleire latinamerikanske landa.

Vil velte regimet

Han ønskjer å velte president Nicolás Maduro og utfordrar på brei front, mellom anna regimets motstand mot å ta inn naudhjelp frå omverda. Ein talsmann for amerikanske styresmakter seier USA er klare til å levere medisinar og annan naudhjelp så raskt det blir gitt klarsignal frå Guaido.

– Å drive opposisjon i Venezuela kan koste deg fridomen, til og med livet, så vi må vere forsiktige, seier Guaido.

Høgsterett i Venezuela har frose Guidos private bankkonti og lagt ned forbod mot at han forlèt landet. Opposisjonsleiarens politiske aktivitet er også under etterforsking, ifølge AP.

Week That Was In Latin America Photo Gallery

President Nicolás Maduro ber militære leiarar vere årvakne under eit møte i Caracas.

Foto: Ariana Cubillos / AP

– Dei militære avgjer

– Vi ønskjer å sleppe inn det som krevs av naudhjelp, ikkje berre frå USA, men frå ein global koalisjon av hjelparar, seier Guaido til AP. Planen hans er å organisere naudhjelp til hamnebyar i nabolanda og frakte hjelpa på lastebilkonlonnar inn i Venezuela gjennom ulike grensepostar.

– Det blir dei militære som i praksis vil avgjere om utanlandsk naudhjelp vil sleppe inn i landet, seier Guaido til AP.

Dei militære er i utgangspunktet president Nicolas Maduros viktigaste allierte, og avgjerande for at presidenten skal kunne halde på makta. Maduro meiner internasjonal naudhjelp vil vere innblanding i Venezuelas indre sak, og har derfor avslått all hjelp.

Korleis dei militære vil handtere ein situasjon der naudhjelpskolonnar står på grensa blir dermed ein viktig test på kva som vil skje vidare i Venezuela.

SISTE NYTT

Siste nytt