Hopp til innhold

Venezuela gjer alvor av trugslane

Venezuela har bestemt seg for å trekkje seg ut av Organisasjonen av amerikanske statar (OAS), og skuldar organisasjonen for å blande seg inn i krisa i landet.

Venezuela flag

PROTEST: President Nicolás Maduro og regjeringa i Venezuela vil ikkje ha noko av at andre land i Sør- og Nord-Amerika blandar seg inn i problema dei har på heimebane. No trekkjer dei seg frå det regionale samarbeidet.

Foto: Ariana Cubillos / AP

Medlemslanda i OAS har vedteke å kalle inn utanriksministrane i regionen til eit krisemøte om situasjonen i Venezuela. 19 land, inkludert Brasil, Mexico og USA, støtta forslaget.

Delcy Rodriguez

USEMJE: Utanriksminister Delcy Rodriguez (t.h.) og generalsekretær i OAS, Luis Almagro (t.v.) er ikkje samde om handteringa av krisa i Venezuela.

Foto: Mandel Ngan / AFP

Regjeringa i Venezuela reagerer sterkt på at dei ikkje er blitt spurt til råds. Ifølgje utanriksminister Delcy Rodriguez, kjem president Nicolás Maduro til å sende eit brev til leiinga av OAS på torsdag. Der vil han gi beskjed om at Venezuela trekkjer seg frå organisasjonen. Dette er ein prosess som kjem til å ta om lag 24 månader.

Rodriguez skuldar også OAS for å ha dobbel standard. Ho peikar på at medlemslanda konsentrerer seg om opptøyane i Venezuela, samtidig som dei ignorerer det som skjer i Brasil.

Opptøyar

Venezuela har fått kraftig internasjonal kritikk, også frå OAS-landa, etter at Høgsterett avgjorde å ta frå nasjonalforsamlinga i landet all makt. Til trass for at Høgsterett gjorde om vedtaket, har det vore store demonstrasjonar i heile april. Så langt er minst 32 personar døde, nesten 500 skadde og nesten 1.300 arresterte.

– Kva meir må skje før det som skjer i Venezuela vert teke på alvor, spurte den argentinske utanriksministeren Susana Malcorra på OAS-møtet onsdag.

Samtidig rasar demonstrasjonane i Venezuela, der politiet og militærstyrkane brukte vasskanonar og tåregass mot demonstrantane. Det vert rapportert om harde samanstøyt mellom opposisjonstilhengjarar, regjeringsstyrkar og organiserte bandar som støttar presidenten. Barn på skular i nærleiken måtte evakuerast for å unngå tåregassen.

Saka held fram under bilete

Tåregass

TÅREGASS: Aktivistane som demonstrerte i gatene i Caracas onsdag vart møtte med tåregass og gummikuler frå politiet.

Foto: Federico Parra / AFP

Neppe val

Ei fersk meiningsmåling frå Venebarometro viser at 7 av 10 er kritiske til Maduro. Opposisjonen legg skulda på han for mangelen på mat og medisinar. Maduro seier mangelen på gode er eit resultat av eit USA-støtta komplott for å styrte han.

Neste presidents- og parlamentsval skal etter planen vere neste år, men opposisjonen ønskjer nyval allereie no. Situasjonen verkar fastlåst ifølgje politisk analytikar, Carlos Raúl Hernández.

– Det er stort press internasjonalt for at opposisjonen og regjeringa skal forhandle. Men eg trur ikkje det er mogleg med eit parlamentsval, seier Hernandez.

SISTE NYTT

Siste nytt