NRK Meny
Normal

Den økonomiske eliten i Syria vender Assad ryggen

Tusenvis av regjerings- og opprørssoldatar har no marsjfart mot Aleppo, den økonomiske hovudstaden i Syria. – Regimet er i ferd med å mista avgjerande støtte frå den mektige økonomiske eliten, meiner Syria-ekspert.

Tusenvis av soldatar og opprørarar er no på veg til Syrias største by, Aleppo der det er harde kampar(Dagsrevyen 25.07.2012).

Aleppo var lenge skjerma for den brutale valden som herjar i Syria. Men no går det føre seg harde kampar i den økonomiske hovudstaden, og forsterkningar i form av fleire tusen soldatar skal vera på veg (Frå Dagsrevyen 25.07.2012).

Knut S. Vikør, professor i Midtausten-historie ved UiB

– At regimet ikkje er betre skikka til å halda fortet i den økonomiske hovudstaden, er eit sikkert teikn på at styrkeforholdet er endra, seier Knut S. Vikør, professor i Midtausten-historie ved UiB

Foto: UiB

Handelseliten i Syria, med hovudsete i Aleppo, har lenge vore ein viktig støttespelar for regimet til president Bashar al-Assad.

Under Assads styre har det blitt lettare å driva handel, med mindre byråkrati og friare konkurranse enn det historisk sett har vore i Syria.

Men det aller viktigaste for å halda dei økonomiske hjula i gang, er ro og orden.

Etter 16 månader med borgarkrig, er handelsfolket hardt råka og i ferd med å mista tolmodet og trua på at den syriske presidenten er i stand til få ein stoppar på den langvarige, blodige konflikten.

– Ting går feil veg for regimet

– Om dei vender Assad ryggen, er det eit tydeleg teikn på at ting går feil veg for regimet. Det er nettopp det som skjer no, seier professor i Midtaustenhistorie ved Universitetet i Bergen (UiB), Knut S. Vikør.

Han understrekar at mange av dei framleis sit på gjerdet, og at regimet framleis er den militære overmakta i konflikten.

Likevel vitnar dei harde kampane i Aleppo om at styrkeforholdet i konflikten har endra seg til fordel for opposisjonen - med handelseliten som tunga på vektskåla.

– Skyteskive fordi me etterlyser fridom

Det kommersielle senteret og den største byen i Syria, Aleppo, blei lenge skåna for valdsherjingane i Syria som starta for rundt 16 månader sidan.

Bortsett frå nokre få demonstrasjonar utanfor universitetet i byen, har det vore stille i Aleppo, der den økonomiske eliten står sterkt.

Men onsdag er det intense kampar for femte dagen på rad i og rundt byen.

– To brør og onklane deira er drepne. Ein annan svevar mellom liv og død. Kva gale har denne landsbyen gjort for å bli råka av desse granatane? Me har blitt skyteskive berre fordi me etterlyser fridom.

Det er dei sorgtunge, fortvila orda som kjem frå ein anonym innbyggjar i landsbyen Al Jina, 25 kilometer vest for Aleppo.

Og dei blodige samanstøytane kjem ikkje til å stoppa med det første, skal ein tru aktivistane i landet - tvert imot.

(Saka held fram under biletet)

Innbyggjar i råka landsby nær Aleppo i Syria

Ein anonym innbyggjar i ein råka landsby nær Aleppo i Syria fortvilar over brutaliteten i angrepa.

Foto: Reuters

Tusenvis av soldatar med kurs mot Aleppo

Tusenvis av regjeringsstyrkar og soldatar frå opprørshæren skal nemleg vera på veg vekk frå kampar ved grensa til Tyrkia, for å gå inn i det som kan bli det store slaget om Aleppo.

– At regimet ikkje er betre skikka til å halda fortet i den økonomiske hovudstaden, er eit sikkert teikn på at styrkeforholdet er endra, seier professor Vikør.

Handelsstanden fryktar at konfliktperioden på sikt vil bli erstatta av ein vedvarande geriljakrig som øydelegg for økonomien.

– Dei har interesse av å halda med den parten som dei har størst tru på at kan sikra fred og ro. Mange frå handelseliten har difor snudd og stilt seg i opposisjon til regimet, opplyser Vikør.

Det er dessutan den økonomiske eliten i Aleppo som merkar den internasjonale boikotten mest.

– Dei er avhengige av å flytta pengar og varer fram og tilbake. Når dei internasjonale finansmarknadene stengjer for dette over tid, er det klart at handelseliten i Syria ber preg av det, seier professor Vikør.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt