Hopp til innhold

Ven vitnar i indisk valdtektssak

Han blei tvinga til å sjå på medan seks menn på brutalt vis valdtok og drap veninna hans på ein buss i den indiske hovudstaden New Delhi. I dag møter nøkkelvitnet gjerningsmennene i retten.

Tysdag vitnar den mannlege venen til kvinna (23) som blei gjengvaldteken og drepen på ein buss av seks menn i desember 2012. Bussen der den bestialske ugjerninga fann stad blir presentert for dommarane som bevismateriale i saka.

Den kvite bussen der seks menn gruppevaldtok og drap ein 23 pår gammal student blir i dag presentert for dommarane i rettssaka mot fem av dei seks gjerningsmennene. I tillegg vitnar venen til kvinna som den første av totalt 80 vitne.

– Eg prøvde å forsvara henne, men eg var ikkje sterk nok. Seinare trygla eg dei gong på gong om å lata henne vera i fred, sa den sterkt prega mannen i eit telefonintervju med nyheitsbyrået AFP i januar.

I dag må han igjen trekkja fram dei grufulle minnene frå kvelden, når han no skal forklara seg for dommarane i saka. Gjerningsmennene kjem også til å vera til stades i salen.

I tillegg blei den kvite bussen der den dødelege gruppevaldtekta fann stad køyrd over til rettslokalet i New Delhi og presentert som bevismateriale for dommarane tysdag.

– Bussjåføren var med på det

Den 28 år gamle mannen hadde vore på kino saman med kvinna som seinare den kvelden blei valdteken og drepen på bestialsk vis av seks menn.

Dei to var på veg heim då ein privat buss kom køyrande opp på sida av dei og tilbaud skyss. Dei to takka ja, men kort tid etter at bussen begynte å køyra, gjekk gjerningsmennene til åtak på kvinna. Sjåføren skal også ha vore med på det.

Han var vitne til at veninna vart mishandla på grufullt vis, utan å kunne gjere noko for å hindre det. Seks menn slo og valdtok kvinna med jernstenger. Mishandlinga varte i rundt ein time, har han fortalt.

Deretter blei dei kasta av bussen i fart, og ingen av dei forbipasserande kom til for å hjelpa, ikkje ein gong for å dekkja til den nakne kroppen til kvinna med ei jakke, ifølgje mannen som i dag skal innta vitneboksen.

Demonstrasjon mot valdtekt i India

Demonstrantar i New Delhi krev dødsstraff for dei seks mennene som er tiltalte for å ha valdteke og drepe ein 23 år gammal student i desember i fjor. I dag begynner vitneforklaringana i rettssaka mot gjerningsmennene.

Foto: Altaf Qadri / Ap

Møtte dommarane i rullestol

28-åringen jobbar for eit datafirma i New Delhi, men har teke seg fri frå arbeidet etter den tragiske valdsepisoden. Mannen vart både fysisk og psykisk skadd i åtaket.

Tysdag møtte han i retten i rullestol, fordi han framleis har vanskar med å gå etter valden han blei utsett for. Med seg som støtte hadde han far sin.

– Sonen min vil gjera det som må til for å sikra at dei skuldige blir straffa, seier far til vitnet til AFP.

Den 23 år gamle kvinnelege fysioterapi-studenten døydde på eit sjukehus i Singapore den 29. desember som følgje av dei massive indre skadane ho blei påført under den grufulle valdtekta.

80 vitne i saka

Ugjerninga har utløyst eit kraftig raseri i heile India, og saka har sjokkert ei heil verd.

Saka går for ein hurtigdomstol i hovudstaden New Delhi. Det er til saman kalla inn 80 vitne i rettssaka mot fem av gjerningsmennene, som risikerer dødsstraff. Dei fem er alle i 20- og 30 åra, og nektar straffskuld etter tiltalen.

Dommarane har tysdag lagt ned referatforbod frå rettsforhandlingane og advokatane i saka har ikkje lov til å uttala seg om det som skjer i retten til media.

Den sjette tiltalte er under 18 år og skal framstillast for ein ungdomsdomstol.

Vald og overgrep mot kvinner er eit stort problem i India. Valdtekt blir registrert kvar 18. time i hovudstaden New Delhi, og kvart 20. minutt i heile landet, ifølgje offisielle tal. Mørketala er truleg høge.

SISTE NYTT

Siste nytt