NRK Meny
Normal

Veljarpanel vil liberalisere abortlova i Irland

Eit veljarpanel sett ned av statsministeren i Irland ber regjeringa gjennomføre ei liberalisering av den strenge abortlova i landet.

Abort-demonstrasjon i Dublin.

På kvinnedagen 8. mars var det ein stor demonstrasjon i Dublin til støtte for ei meir liberal abortlov.

Foto: Clodagh Kilcoyne / Reuters

Det var statsminister Enda Kenny som i fjor sette ned eit utval av 99 veljarar, som skulle gi råd til regjeringa om den svært betente saka. Det var eit klart fleirtal i utvalet for å liberalisere lova.

Irland har ei av dei strengaste abortlovene i Europa. Det er nedfelt i den irske grunnlova at mora og det ufødde barnet har lik rett til liv.

Fryktar liberalisering

Kofferten er eit symbol for dei som kjempar for ei liberalisering av abortlova i Irland.

Kofferten har blitt eit symbol for dei som kjempar for meir ei meir liberal abortlov i Irland. Kofferten symboliserer dei mange kvinnene som reiser utanlands for å få utført abort.

Foto: Clodagh Kilcoyne / Reuters

Abort var totalforbode i strengt katolske Irland heilt fram til 2013, då det vart lovleg med abort dersom mora sitt liv var i fare. No er abortmotstandarane i landet redde for ei ytterlegare liberalisering.

Det har dei siste månadene vore store demonstrasjonar i Dublin og andre irske byar til støtte for ei liberalisering av abortlova. Det er ei kjent sak at mange irske kvinner reiser til utlandet, spesielt til England, for å få utført abortar.

Meiningsmålingar viser at det er fleirtal for ei liberalisering i folket.

Folkerøysting

Det er meininga av det irske parlamentet i løpet av det neste halvåret skal leggje fram eit forslag til ei ny abortlov. Deretter kan det bli ei folkerøysting om endring av grunnlova i løpet av 2018.

Kontroversiell båt seiler kvinner til havs for å abortere

Polen kan forby abort også for voldtatte

Paret som vil bryte aborttabuet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt