NRK Meny
Normal

Vedgår terrorplanar mot Pentagon

Ein 26 år gammal mann frå delstaten Massachusetts i USA har vedgått planar om å angripe Pentagon og Capitol Hill i Washington med fjernstyrte fly fylde med sprengstoff.

Modellfly som skulle brukes i angrepet på Pentagon

Dette er eitt av dei fjernstyrte modellflya Rezwan Ferdaus planla å angripe Pentagon og Capitol Hill med.

Foto: - / Afp

Rezwan Ferdaus, som er amerikansk statsborgar, har høgare utdanning innan fysikk. Han er islamist og uttrykt tilhengjar av terrornettverket Al Qaida.

Rezwan Ferdaus har tilstått terrorplanar mot Washington.

Rezwan Ferdaus har tilstått terrorplanar mot Pentagon og Capitol Hill.

Foto: Ap

Han vart pågripen i slutten av september i fjor, etter at FBI i ein hemmeleg operasjon greidde å avsløre han. Då hadde han bestilt store mengder våpen og sprengstoff frå det han trudde var Al Qaida-medlemer.

Planen hans var å fylle tre fjernstyrte modellar av jagarfly med det eksplosive stoffet C4, og så styre flya mot det amerikanske forsvarsdepartementet, Pentagon, og senatet sine bygningar på Capitol Hill.

Avtale med aktoratet

No er det inngått ein avtale mellom forsvarane hans og aktoratet i saka om at Ferdaus skal seie seg skuldig i tiltalepunktet om å ha planlagt terrorangrep mot dei føderale bygningane i Washington, og for å ha formidla utstyr til terroristar.

Som motyting har aktoratet droppa fire andre tiltalepunkt mot mannen. Forsvaret og aktoratet er samde om ein tiltale som gir rundt 17 års fengsel for Ferdaus.

Amerikanske styresmakter seier at det aldri var fare for at mannen skulle greie å gjennomføre planane sine, fordi FBI heile tida hadde kontroll på mannen.

– Neppe stor skade

Den amerikanske kongressen

Det amerikanske senatet på Capitol Hill var eitt av måla Rezwan Ferdaus ville angripe.

Foto: JIM YOUNG / Reuters

Ekspertar på antiterror og modellfly-entusiastar seier til nyheitsbyrået AP det er liten sjanse for at eit angrep med modellfly fylde med sprengstoff kunne ha gjort stor skade på bygningane.

Først fordi modellflya er for små, dei har rett og slett ikkje plass til nok sprengstoff, og fordi det er vanskeleg å fjernstyre modellflya det er snakk om.

Ein amerikansk føderal talsmann seier at Rezwan Ferdaus fekk ei stadig sterkare overtyding om at USA var einsbetydande med vondskap. Han tok kontakt med ein mann han trudde var frå Al Qaida, men som viste seg å vere informant for FBI.

– Ingen annan veg

Så snørte nettet seg saman rundt 27-åringen, og han la fram detaljerte planar for terroraksjonane for fleire FBI-agentar, som han trudde var frå Al Qaida.

Ein gong skal han ha sagt til FBI-agentane at drivkrafta for å gjennomføre angrep mot USA var så sterk at han ikkje greidde å stanse. - Det er ingen annan veg for meg, sa han blant anna.

Han skal ha hatt som uttrykt mål «å hogge hovudet av heile imperiet».

Video Avslørte bombeplan mot Pentagon

VIDEO: Avslørte bombeplan mot Pentagon. Frå 30. juni 2011.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt