Hopp til innhold

Ved denne elva fekk den russiske framgangen ein brå stopp

Russland kan ha mista over 1000 soldatar då dei prøvde å krysse elva Donets, aust i Ukraina. Dei ukrainske elvene blir kalla Russlands «logistiske mareritt».

Utbrente militære køyretøy ved elva Donets i Ukraina.

Bilde frå elva Donets viser ei rekke oppbrente militærkøyretøy.

Foto: Pravda_Garashchenko/Telegram

Ukraina skal ha klart å øydelegge minst to flytebruer og eit stort tal militære køyretøy ved elva Donets, viser satellittbilde tatt av det ukrainske forsvaret.

Russiske styrker skal ha forsøkt å krysse elva, som renner mellom dei russisk-okkuperte fylka Donetsk og Luhansk i Ukraina.

I staden for å komme over til den andre sida, skal dei ha blitt møtt av ukrainske motangrep.

Donets sett frå lufta.

Russarane skal to gongar ha forsøkt å krysse elva Donets til Bilohorivka, ved hjelp av flytebruer.

Foto: Pravda_Garashchenko/Telegram

Ifølge CNN har Ukraina klart å stoppe to forsøk på å krysse elva på 24 timar. Bilde frå staden viser to bruer som no delvis er senka i vatnet, i tillegg til røyk som stig opp frå den vestlege breidda.

Ein kan også sjå ei fleire militærkøyretøy som er brent opp eller som ligg i elva.

Utfordringar i terrenget

Nokre av dei hardaste kampane i krigen mellom Ukraina og Russland har gått føre seg ved elva Donets.

Å krysse dei ukrainske elvene har fleire gongar vist seg å vere «eit logistisk mareritt» for det russiske militæret, skriv CNN.

Leiaren for Luhansk regionale militæradministrasjon, Serhiy Hayday, skriv på Twitter at dei på dag fire no har klart å hindre russiske forsøk på å krysse elva. Han hevdar russarane har mista over 70 militærkøyretøy.

Bilda frå elva Donets skal vere tatt 10. mai.

The remains of what appears to be a makeshift bridge across the Siverskyi Donets River
The remains of what appears to be a makeshift bridge across the Siverskyi Donets River
The remains of what appears to be a makeshift bridge across the Siverskyi Donets River
The remains of what appears to be a makeshift bridge across the Siverskyi Donets River
The remains of what appears to be a makeshift bridge across the Siverskyi Donets River
The remains of what appears to be a makeshift bridge across the Siverskyi Donets River

Rådgjevaren for den ukrainske innanriksministeren, Anton Herasjtsjenko, skriv på Telegram at han har snakka med ein ukrainsk kommandør. Han skal ha sagt:

– Eg har inntrykk av at dei russiske generalane rett og slett sender sine soldatar til slakt.

Ifølge Forbes har potensielt over 1000 russiske soldatar mista livet ved elva. Dei estimerer at over 100 militære køyretøy er øydelagt, deriblant fleire stridsvogner.

Herasjtsjenko hevdar rundt 250 køyretøy er øydelagde, og 1500 russiske soldatar døde.

Tala er ikkje stadfesta frå russisk eller uavhengig hald.

Trekk seg frå Kharkiv

Samtidig kjem det meldingar om at Ukraina har gjenerobra fleire byar nære grensa til Russland, og at russiske styrkar trekk seg tilbake frå Kharkiv.

Landsbyen Vilhivka utanfor Kharkiv.

Landsbyen Vilhivka utanfor Kharkiv har fått store skadar så langt i krigen. Bilde tatt 11. mai.

Foto: RICARDO MORAES / Reuters

Kharkiv ligg like nordvest for elva Donets. Ifølge britisk etterretning planlegg Russland å omorganisere og fylle på styrkane etter store tap.

– Tilbaketrekkinga av russiske styrker frå Kharkiv fylke er ei erkjenning av Russlands manglande evne til å erobre viktige ukrainske byar, der dei forvente avgrensa motstand frå befolkninga.

Les også: Drømmejobben i helvete

Anonym man er klar til å kjempe for Russland i Ukraina.
Anonym man er klar til å kjempe for Russland i Ukraina.

SISTE NYTT

Siste nytt