Hopp til innhold

Vatikanet vurderer å mjuke opp sølibatet i Amazonas

På måndag starta Vatikanet ein formell debatt om å ordinere gifte menn i Amazonas. Noregs første gifte katolske prest avfeiar at det er snakk om ei liberalisering av sølibatet.

Pave Frans

OPNAR OPP: Pave Frans, her frå eit møte med peruanske urinnbyggarar i 2018, opnar nå opp for debatt om sølibatet for prestar. Men berre i nokre delar av Amazonas.

Foto: Henry Romero / Reuters

Biskopar i Amazonas-området skal møtast i oktober for å diskutere behova dei har, melder nyheitsbyrået AP.

Eit av temaa dei vil sjå nærmare på, er om den katolske kyrkja skal tillate å ordinere menn som allereie er gifte til å bli prestar.

– Diskusjonen gjeld berre for gifte menn over 35 år og som bur i avsidesliggande deler av Amazonas. Dette diskuterest ikkje på brei front i den katolske kyrkja, seier Oddvar Moi, som er katolsk sjukehusprest i Oslo.

Ifølge AP må mennene det er snakk om å ordinere vere respekterte av lokalsamfunnet og helst urinnbyggarar.

Oddvar Moi

GIFT: Oddvar Moi er ein av fire katolske prestar i Noreg som er gifte og som tidlegare var lutherske prestar.

Foto: Mats Tande

Pave Frans er under hardt press om dagen.

Nå hevdar motstandarar av oppmjukinga at fleire vil ønske det same andre stader om prestar i Amazonas får lov til å vere gifte.

Første gifte prest i Noreg

Moi var opphavleg luthersk prest, men konverterte i 1994 til den katolske kyrkja. Han var første person i landet som fekk tillating til å bli ordinert, sjølv om han allereie var gift.

– Eg måtte søke paven om dispensasjon, seier han.

– Kva synest du om at Vatikanet nå opnar opp for ein debatt rundt sølibatkravet?

– Då eg blei katolsk prest og var gift, var det eit klart unntak. Det same er det for prestane i Amazonas. Eg er ganske nøytral til det.

– Kva trur du verknaden av ei oppmjuking vil vere?

– Om dette blir vedtatt om få år, må vi sjå om det faktisk er mange som ønsker å bli ordinert som gifte prestar i desse områda. Så må vi sjå om det funkar.

Har for få prestar

Moi seier til NRK at kyrkja i Amazonas har ei litt anna problemstilling enn i vesten når det kjem til ordinering av gifte menn.

– Det er av heilt spesielle grunnar at ein diskuterer dette nå; i Amazonas er det stor mangel på prestar fordi områda er så geografisk store.

Pave Frans

FRÅ SØR-AMERIKA: Pave Frans er sjølv frå Argentina og skal vere godt kjent med utfordringane den katolske kyrkja har i Amazonas. Her frå eit møte med peruanske urinnbyggarar i 2018.

Foto: Alessandra Tarantino / AP

Ifølge Moi skal paven så tidleg som i 2015 ha tatt opp ei slik ordning for Amazonas og nokre få øyer i Stillehavet.

I avsidesliggande delar av Amazonas er det estimert at den katolske kyrkja nokre stader berre har ein prest for kvar 10.000. katolikk.

1000 prestar er gifte

I dag er det litt over 400.000 prestar i den katolske kyrkja. Om lag 1000 av desse er tidlegare protestantiske prestar som allereie var gifte før ordinering. Sjølv om Vatikanet nå kanskje opnar for at visse område i verda kan sleppe unna sølibat, held dei likevel sølibatet opp som ei gåve til kyrkja.

Sølibatet får støtte frå Moi, som avviser at denne debatten er ei opning for gifte menn til å bli prestar. Han grunngir dette med tradisjonen i kyrkja og at prestane ikkje har vanleg økonomi og derfor i stor grad er avhengige av den katolske kyrkja.

– Det er ikkje mogleg å opne opp for alle desse prestane. Det ville blitt for kostbart for kyrkja, seier Moi.

SISTE NYTT

Siste nytt