NRK Meny
Normal

Vasskjelde opna på Sri Lanka

Geriljaorganisasjonen Tamiltigrane seier dei har opna ei vasskjelde dei stengde sist veke.

Mange på flukt på Sri Lanka
Foto: Gurinder Osan / Scanpix/AP

- Vi har opna slusene slik at vatnet flyt fritt igjen, seier ein anonym talsmann for Tamiltigrane.

Han legg til at dei gjer det etter press frå den norske spesialutsendingen til Sri Lanka, Jon Hanssen-Bauer.

Jon Hanssen-Bauer
Foto: Stringer / Scanpix/Reuters

Den nordiske observatørstyrken på Sri Lanka stadfestar at vassforsyninga no er opna igjen. Styresmaktene på Sri Lanka har hittil ikkje kommentert meldingane.

 Stenginga av vasskjelda ikkje langt frå byen Mutur nordaust på Sri Lanka har ført til militære samanstøytar mellom regjeringsstyrkane og Tamiltigrane, eller LTTE-geriljaen som er det offisielle namnet.

Søndag ville Tamiltigrane opne vassforsyninga, men kom då under angrep frå regjeringsstyrkane. Ein talsmann for regjeringa sa då at vatn ikkje skulle brukast som eit forhandlingskort, men at slusene måtte opnast av fagfolk frå regjeringa.

Styresmaktene på Sri Lanka motset seg på det sterkaste at geriljaen skal kontrollere denne viktige vasskjelda.

Rundt 85.000 menneske var utan vassforsyning då slusene var stengde, og det har ført til store problem for innbyggjararne i området. Det har vore harde kampar mellom geriljaen og regjeringsstyrkane, og over 400 sivile er drepne.

Rundt 20.000 er drivne på flukt av krigshandlingar og vassmangel Dei som har blitt igjen har fått øydelagt risavlingane sine.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt