Hopp til innhold

Varslarsakene står i kø i USA

I går kom den historiske dommen mot varslaren Bradley Manning. Men saka er berre ein av mange tilsvarande saker som vil bli prøvd for amerikansk rettsvesen.

Daniel Ellsberg i Manning-demonstrasjon

Daniel Ellsberg skapte sensasjonsoverskrifter i USA Pentagon-dokumenta vart publisert i 1971, som enda med Vietnam-krigens slutt. I dag hyllar han varslarane Bradley Manning og Edward Snowden.

Foto: Robert A. Martin / Ap

Bradley Manning vart i går frikjend for den mest alvorlege skuldinga mot han, nemleg å ha gitt bistand til fienden. Likevel vart han dømt for fem brot på spionasjelova, i tillegg til fleire andre forhold. Han risikerer opptil 136 år i fengsel.

Delen av rettssaka der straffeutmålinga skal bli avgjort startar i morgon. Det er uvisst kor lang tid det tek før heile straffe er avgjort.

Det var knytt stor spenning til korleis utfallet vart av Manning-saka skulle bli. Mange har uttrykt letting over at Manning ikkje vart dømt for å ha bistått fienden. Manning har nemleg ikkje spreidd klassifisert informasjon direkte til organisasjonar som al-Qaida, men har gjort informasjonen tilgjengeleg for både dei og resten av verda gjennom publisering på Wikileaks.

– Svært dårleg teikn for Assange

Julian Assange (og Sigurdur Thordarson)

Det kan sjå ut som Julian Assange har endå mindre grunn til å forlate den ecuadorianske ambassaden i London.

Foto: Sang Tan / Ap

Men forsvarsadvokatane reagerte på retorikken til det militære aktoratet under rettssaka mot Manning. Dei meiner Manning nærast var kommandert av Wikileaks-leiar Julian Assange då han publiserte dei mange hundre tusen dokumenta.

Assange sin USA-baserte forsvarar, Michael Ratner, ser mørkt på korleis klienten hans kjem til å bli behandla etter å ha vore vitne til Manning-rettssaka.

– Dette er eit svært dårleg teikn på kva USA ønskjer å gjere med Julian Assange, seier Ratner til Washington Post.

Etterforskinga mot Wikileaks har halde på i fleire år, men det er framleis heilt ukjend kva Assange vil bli sikta for, eller om han allereie er sikta.

– Han er enten sikta allereie, noko eg trur eg svært mogleg, eller dei kan no vise til Manning-dommen og hevde at dei har den eine delen av ein konspirasjon, seier Ratner.

Mange varslarsakar for retten

Parallelt med Bradley Manning-saka går det føre seg ei rekkje etterforskingar mot varslarar. Obama-administrasjonen har straffeforfølgd dobbelt så mange varslarar enn alle dei tidlegare presidentar samanlagt.

Dersom varslaren Edward Snowden returnerer til USA vil han bli den åttande varslaren som blir straffeforfølgd under Obama. Før Obama vart president eksisterte det berre tre tilfelle der varslarar måtte i retten. Rett nok var det fleire før i tida som vart sikta for landsforræderi enn no.

Den brutale behandlinga varslarane har fått under Obama-administrasjonen står i sterk kontrast med kva Barack Obama lovde då han dreiv valkamp i 2008. Den gongen lova han å oppmuntre varslarar, og styrke lovverket for å gjere det lettare å vere vaktbikkje for statleg tilsette.

Spionasjeparagrafen vart innført i 1917, under Den første verdskrigen.

Bradley Manning

Når straffeutmålinga kjem vil Bradley Manning truleg vere den varslaren som får strengast straff i amerikansk historie.

Foto: Patrick Semansky / Ap

Dette er varslarane i USA

1973: Daniel Ellsberg. Ein forsvarsanalytikar som lak dei berømte Pentagon-dokumenta som avdekte hemmelege opplysningar om Vietnam-krigen. Ellsberg vart etter kvart frikjend for spionasjesiktinga.

Daniel Ellsberg møter pressen

Varslaren Daniel Ellsberg møter pressa etter at han var arrestert for å ha slept Pengaton-dokumenta i 1971.

Foto: Arkiv

1985: Samuel Loring Morison vart sikta for spionasje for å ha gitt satellittbilete av eit russisk verft til eit forsvarstidsskrift. Han vart dømt til fengsel i to år, men vart seinare benåda av president Bill Clinton. Morison var den første amerikanaren som har blitt sikta for spionasje for å gi opplysningar til pressa, og den einaste fram til 2009.

2005: Lawrence Franklin. Ein forsvarsanalytikar frå Pengaton som vart dømt til fengsel i 12 år for å ha gitt hemmeleg informasjon om USA sin Iran-politikk til ei israelsk lobbyorganisasjon. Dommen vart seinare gjort om til 10 månadar husarrest.

2009: Shami K. Leibowitz. Ein FBI-tilsett som i 2010 vart dømt til fengsel i 20 månadar for å ha leke hemmelege dokument til ein reporter som beviste overvaking av den israelske ambassaden i Washington.

2010: Thomas Drake. Ein tidlegare NSA-topp som i 2010 vart sikta for spionasje etter å ha leke dokument frå NSA til den amerikanske avisa The Baltimore Sun. Risikerte 35 år i fengsel, men saka enda opp med ein prøvetidsdom på eitt år for eit mindre alvorleg lovbrot.

2010: Stephen Jin-Woo Kim. Ein tilsett i det amerikanske utanriksdepartementet som i 2010 vart skulda for spionasje etter å ha leke hemmeleg informasjon om Nord-Korea til ein journalist i Fox News. Saka er ikkje avslutta.

2010: Bradley Manning. Forsvarsanalytikar som gav omfattande hemmelegstempla dokument til organisasjonen Wikileaks. Vart 30. juli 2013 dømt for fem brot på spionasjelova, i tillegg til andre forhold. Straffeutmålinga e ikkje bestemt, men han risikerer opptil 136 år i fengsel.

2010: Jeffrey Sterling. Tidlegare CIA-offiser som gav informasjon til ein New York Times-journalist om planane USA hadde til å sabotere Iran sitt atomprogram. Rettssaka mot han er i startfasen.

2012: John Kiriakou. Den tidlegare CIA-toppen risikerte opptil 30 år i fengsel for å ha namngitt to etterforskar som nytta torturmetoden waterboarding til ein journalist. Spionasjeskuldingane vart ikkje nytta, og han sonar no ein dom på 2,5 år.

2012: James Hitselberger. Jobba som omsetjar i den amerikanske marinen, og vart sikta for spionasje etter ha leke forsvarsdokument frå ein militærbase i Bahrain til eit amerikansk universitet. Hitselberger sit i fengsel medan han ventar på rettssaka.

2013: Edward Snowden. Kontraktør som jobba for NSA. Skapte overskrifter over heile verda basert på hemmelege opplysningar om NSA sitt omfattande overvakingsprogram. Er no i Russland, der han har søkt om asyl.

Video Vietnam-varsleren Daniel Ellsberg

Klikk for video: NRK intervjua varslaren Daniel Ellsberg i 2011 i samband med Wikileaks-saka.

SISTE NYTT

Siste nytt