Syrisk-fødde Sjeik Omar Bakri Muhammed oppheld seg i London, der han har vore knytt til miljøet rundt Finsbury Park-moskeen nord i London, ein kjend samlingsstad for ytterleggåande islamistar.
Omar Bakri Muhammed seier at terroraksjonar mot London ikkje er til å unngå. (Scanpix-foto)
Godt organisert
I eit intervju med det portugisiske tidsskirftet Publica denne helga seier Omar Bakri at ei av gruppene som planlegg terror mot London, kallar seg Al Qaida Europa. Denne gruppa er svært godt organisert, og har stor oppslutning blant unge muslimar, seier han.
- Angrep mot London er ikkje til å unngå. Vi skiller ikkje mellom sivile og militære, mellom skuldige og uskuldige, berre mellom truande og vantru. Og livet til ein vantru er ikkje heilagt, det har ingen verdi, seier Omar Bakri i intervjuet.
Han legg til at britane sjølve opptrer som terroristar i Irak.
Lovleg aksjonsform
Omar Bakri seier at terrorisme er ei lovleg aksjonsform i det 21. århundret, og at han på sett og vis beklagar dette. Dette fordi han reknar med at britiske styresmakter no vil utvise han og familien hans.
I intervjuet seier Omar Bakri at Al Qaida kan ha vore innblanda i bombeangepa mot fleire tog i Madrid 11. mars, der 191 menneske vart drepne og rundt 1900 vart skadde.