Hopp til innhold

Skal leite etter MH370 i nytt område

Styresmaktene i Australia kjem til å varsle leiting etter det sakna malaysiske passasjerflyet MH370 i eit nytt område denne veka, seier ein australsk tenestemann til CNN.

MALAYSIA airlines MH370 savnet fly

MH370 forsvann frå radarskjermane 8. mars i år. Det er ikkje funne spor etter flyet.

Foto: STRINGER / Reuters

Det er over tre månader sidan passasjerflyet, som var på veg frå Kuala Lumpur til Beijing, forsvann frå radarskjermane. Trass i svært omfattande søk fleire stader i Indiahavet utanfor Australia, er det ikkje funne spor etter flyet.

238 menneske var om bord i flyet, og forsvinninga har vorte eitt av dei største mysteria i internasjonal luftfart nokon gong.

– Kapteinen «hovudmistenkt»

Søk etter MH370

Det har vore eit omfattande søk etter det sakna passasjerflyet i Indiahavet.

Foto: HANDOUT / Reuters

Det er framleis uvisst kvifor flyet endra kurs og vart borte 8. mars i år, og det er framleis i det blå kvar flyet hamna. Dei fleste ekspertar reknar med at flyet styrta ein stad i Indiahavet vest for Australia etter å ha gått tomt for drivstoff.

I dag melder den britiske avisa Sunday Times at malaysisk politi ser på flykaptein Zaharie Shah som den hovudmistenkte, dersom det viser seg å ha skjedd noko kriminelt. Dette fordi alle andre som kunne tenkjast å ha noko med det som skjedde å gjere, er sjekka ut av saka.

Politiet ser bort frå framleis ikkje at ein teknisk eller mekanisk feil på flyet kan ha var årsak til ein styrt, heller ikkje at det har vore utsett for terror.

Det er funn på ein flysimulator Shah hadde heime som gjer at politiet mistenkjer at det er snakk om ei villa handling.

LES OGSÅ: Britisk satellittselskap: Ingen søk i området hvor Malaysian-flyet forsvant

LES OGSÅ: Britisk seiler mener hun så brennende fly

Nytt søk i august

Det er The Australian Transport Safety Bureau som har leidd leitearbeidet utanfor Australia. Det er ikkje venta at det nye søket etter flyet vil starte før i august.

– Dette er ei svært utfordrande oppgåve, og informasjonen vi har er svært avgrensa. Likevel håpar vi at vi ved å gå grundig gjennom det, kan gi oss ein peikepinn om kvar flyet er, seier han til CNN.

Tidleg i april vart det fanga opp signal i leiteområdet som kunne stamme frå taleregistratorane eller ferdskrivaren til flyet, men grundig søk på havbotnen var utan resultat.

Australske styresmakter ser ikkje lenger på dette området som ein mogleg krasjstad for flyet.

LES OGSÅ: Satelittdata fra MH370 offentliggjort etter lang ventetid

LES OGSÅ: Skal gjennomgå alle flydata på nytt

SISTE NYTT

Siste nytt