Hopp til innhold

Varslar meir vald på Vestbreidda i dag

Hamas har kunngjort at fredag, som er ein viktig dag for muslimar, skal vere ein ny dag med sinne og konfrontasjonar i alle byane på Vestbreidda.

Palestinske demonstranter kaster tåregass på grensen til Gaza

Palestinske demonstrantar kastar tåregass på grensa til Gaza.

Foto: AMIR COHEN / Reuters

Utanriksminister i USA, John Kerry, åtvara palestinarane sin president, Mahmoud Abbas, på torsdag mot å oppmode til vald mot israelarar.

– Fredag vert ein ny dag med sinne

Abbas, som leier Fatah-rørsla, sa i førre veke at han ikkje ønska ein væpna konfrontasjon, men han har sagt at han støttar det han kallar sjølvforsvar og ein fredeleg folkeoppstand mot Israel.

Hamas-rørsla, som styrer Gazastripa, har på si side hylla dei mange åtaka mot israelarar den siste tida.

Fleire palestinske grupper kunngjorde at fredag skulle vere ein ny dag med konfrontasjonar og sinne. Andre palestinarar har gitt dagen namnet Fredagsrevolusjonen.

Palestinere med gassmaske kaster gjenstander

Palestinarar med gassmaske kastar gjenstandar.

Foto: MUSA AL-SHAER / Afp

Sette fyr på Josefs grav

Palestinarar har sett fyr på Josefs grav, ein jødisk heilagdom på den okkuperte Vestbreidda, opplyser palestinsk og israelsk tryggingspersonale.

Natt til fredag storma ei gruppe på 100 palestinarar den bibelske grava, som ligg i Nablus på Vestbreidda. Palestinske tryggingsstyrkar kom til staden og pressa gruppa tilbake, men då hadde nokon alt sett fyr på grava.

– Vi ser svært alvorleg på hendinga og fordømmer alle åtak på heilage stader. Vi skal spore opp dei som står bak, seier det israelske politiet.

Videoopptak frå staden viser ein omfattande brann. Israelske soldatar var fredag morgon utplassert ved grava for å hindre nye åtak, og for å reparere skadane.

Palestinere med gassmaske kaster gjenstander

Palestinarar med gassmaske kastar gjenstandar.

Foto: MUSA AL-SHAER / Afp

Nekta palestinarar tilgang til gamlebyen

Opprøret starta i september då det starta å svirre rykte om at Israel planla å la jødar få auka tilgang til Tempelhøgda.

Staden, som på arabisk heiter Haram al-Sharif, er ein heilag stad for både jødar og muslimar, men israelske styresmakter har lenge berre tillate at muslimar kan be på plassen.

Grunnen til dette er at dei vil unngå meir uro. Israel seier at rykta om at jødar no skal få auka tilgang ikkje stemmer.

Krisemøte i FN

FNs tryggingsråd samlast fredag til eit krisemøte om den aukande valden mellom Israel og palestinarar. 39 menneske er drepne de siste to vekene.

Det er Jordan, som for tida sit i Tryggingsrådet, som har bede om møtet etter at arabiske ambassadørar møttest torsdag. På møtet vil FN-sekretariatet opplyse om situasjonen er i det stadig meir spente Israel.

Dei to siste vekene er 7 israelarar og 32 palestinarar blitt drepne. Israel har innført dei strengaste tryggingstiltaka på ti år, og fleire hundre militære er utplassert over heile Israel i eit forsøk på å dempe frykt og frustrasjon.

SISTE NYTT

Siste nytt