Hopp til innhold

Varslar demonstrasjonar i Bangkok

Kuppgeneralen i Thailand er no formelt godkjend av kongen. Men samstundes aukar misnøya med kuppmakarane.

Det er fortsatt tungt militært nærvær i sentrum av Bangkok.
Foto: David Longstreath, DAVID LONGSTREATH

NRKs Asia-korrespondent Philip Lote er i den thailandske hovudstaden Bangkok, og han kan fortelje at det framleis er roleg i byen.

Men det ulmar under overflata, fortel han. I kveld er det planlagt demonstrasjonar mot kuppmakarane i Bangkok.

 

Det er ikkje uvanleg å sjå soldatar med roser i sentrum av Bangkok.
Foto: Pornchai Kittiwongsakul, PORNCHAI KITTIWONGSAKUL

 

Aktivistar vil kle seg i svart og gå ut i gatene og demonstrere, rapporterer han. Det er frykt for politiet vil slå hardt ned på demonstrasjonane, og det kan endre situasjonen i Thailand. Hittil har militærkuppet gått fredeleg føre seg.

Det er tungt oppbod av militære i sentrumsgatene i den thailandske hovudstaden, trass i lovnader om at dei militære skulle bli mindre synlege i gatene.

 Nettverket som no planlegg demonstrasjonar består av professorar og studentar frå ulike universitet i Bangkok. Dei er, som kuppmakararne, motstandarar av den avsette statsministeren Thaksin, men reagerer på at han vart avsett på ein udemokratisk måte.

Nettverket vil demonstrere for at dei demokratiske institusjonane i Thailand blir styrkte, og at demokratiet raskt blir gjeninnført i landet.

Korrespondent Philip Lote tvilar på om dei i det heile teke greier å gjennomføre demonstrasjonane. Dei kan bli stansa før dei kjem i gang, fryktar han.

Militærjuntaen har gitt streng ordre om at all politisk verksemd er ulovleg. Media er sett under streng statleg kontroll, det er blant anna ikkje lenger lov å bringe vidare synspunkt som er kritiske til kuppmakarane.

Like etter kuppet tidlegare denne veka brukte fjernsynsstasjonane mykje tid på kringkaste tekstmeldingar om kuppet frå sjåarane. Juntaen gjekk raskt ut og forbaud slike ytringar.

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt