Hopp til innhold

Varmen kan gi straumkrise i Hellas

Varmebølgja i Hellas fører til så mykje bruk av luftkjølingsanlegg at straumnettet i landet kan kollapse.

Det er godt å få kjøle seg litt ned med rennande vatn.

Ein liten dusj gjer godt i varmen.

Foto: YIORGOS KARAHALIS / REUTERS

Ei fontene kan vere til god hjelp når varmen er som verst.

Det er naudsynt med raske avkjølingar.

Foto: Christos Aggelou / AFP

VIDEO: I overkant varmt i Hellas

Det er varsla 42 grader i skuggen i hovudstaden Aten, og styresmaktene ber innbyggjarane om å spare på straumen.

Sjekk på yr.no: Så varmt kan det bli i Hellas

Dette betyr å bruke mindre luftkjølingsanlegg, og det kan vere vanskeleg å få til i den kvelande varmen.

Det greske meteorologiske instituttet har inga trøyst å tilby varme grekarar og turistar.

Alt tyder på at resten av juli og august vil bli varmare enn normalt, og ein normalsommar i den greske hovudstaden plar vere meir enn varm nok både for turistar og innfødde.

Folk i Aten søkjer til skuggefulle parkar og fontener i håp om å få svale seg litt ned. Dei som har høve til det tek turen til strendene utanfor byen og ute på øyane i Egearhavet.

Også i fjor sommar var det varmebølgje i Hellas. Temperaturane kom opp i 46 grader, og 10 menneske døydde av varmen.

Ein etterlengta kalddusj i varmen.

Ein etterlengta kalddusj i den kvelande varmen.

Foto: Christos Aggelou / AFP

Styresmaktene håpar å unngå dette i år ved blant anna auka beredskap i helsevesenet.

Folk blir også oppmoda om å passe på at særleg born og eldre får i seg nok væske, og alle blir bedne om å vere forsiktige med alkoholinntaket.

Det siste er ikkje minst mynta på dei mange turistane som vitjar Hellas på denne tida av året.

Også brannvesenet er i auka beredskap av frykt for skogbrannar. I fjor sommar var det fleire øydeleggjande brannar på det greske fastlandet.

hetebølge i Aten

Under hetebølgen i juni i år la det seg et tykt smoglag over den greske hovedstaden. Akropolis-tempelet midt på bildet.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt