Hopp til innhold

Var på sporet av korrupsjonssak

Den greske journalisten Socratis Giolas (37), som vart skoten og drepen i Aten i dag tidleg, jobba med å avsløre ein større korrupsjonsskandale.

Socratis Guiolias vart drepen utanfor heimen sin i Aten.

Socratis Guiolias vart drepen utanfor heimen sin i Aten.

Foto: Alkis Konstantinidis / Ap

Socratis Giolias (37) vart drepen i Aten.

Socratis Giolias var ein kjend undersøkjande journalist.

Foto: ICON / Reuters

Det er likevel uklart om dette var motivet for drapet. Politiet opplyser at kulene som vart brukte i attentatet, er av same type som ei venstreekstremisisk gruppe kalla Revolusjonssekta har brukt tidlegare.

Politiet meiner at eitt av våpna som vart brukt i attentatatet er det same som vart brukt under drapet på politimannen Nektarios Savas i juni i fjor. Han hadde ansvaret for vakthaldet av ein person som skulle vitne nettopp mot Revolusjonssekta.

LES OGSÅ: Gresk journalist skutt og drept

Revolusjonær gruppe

Politiet mistenkjer den revolusjonære gruppa for å stå bak angrepet, men seier dei ikkje utelukkar at kriminelle kan vere ansvarlege for udåden.

Revolusjonssekta har tidlegare sagt at journalistar er legitime mål, og i fjor sommar stod gruppa bak eit skyteangrep mot den private fjernsynsstasjonen Alter TV.

Det var tre menn som angreip Socratis Giolas i dag tidleg. Dei ringde på dørklokka, og då Giolas kom ut sa dei at nokon hadde stole bilen hans. Deretter skaut dei han med nesten 20 skot på trappa utanfor heimen hans i bydelen Illipoulis i den greske hovudstaden.

Kona er gravid

Kona og den vesle dottera deira var inne i huset då angrepet skjedde. Kona er gravid med paret sitt andre barn.

Ingen har teke på seg skulda for det brutale drapet, men leiar for journalistforeininga i Aten, Panos Sobolos, seier dette:

- Nokon ville få ein dyktig etterforskade journalist til å teie still. Han har trakka på mange tær gjennom reportasjane sine, seier han.

Giolas døydde med ein gong, og attentatmennene stakk av i ein bil som seinare vart funnen utbrend.

Radiojournalist og bloggar

Socratis Giolas har i dag ein leiarjobb for ein privat radiostasjon i Aten. Han har tidlegare jobba med undersøkjande journalistikk også for fjernsyn, og kollegaer seier at avsløringane har skaffa han ein del fiendar opp gjennom åra.

I tillegg til å jobbe for radiostasjonen har han vore ein aktiv bloggar, og han var kjend for å vere sterkt kritisk til den til den konservative regjeringa som no er avløyst av sosialdemokratane.

Dette er den utbrende bilen til attentatmennene.

Dette er den utbrende bilen til attentatmennene.

Foto: EUROKINISSI / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt