Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Vår mann i Pyongyang

NORD-KOREA (NRK): I Nord-Korea vandrar du ikkje åleine. Journalistar blir geleida og fotfølgd av ein oppassar som skal sikra positiv mediedekning av det isolerte landet. Vår mann var streng, men humoristisk.

ALDRI ÅLEINE: Eg ville ta heisen åleine med heiskonduktøren, men her Ju insisterte på å bli med

ALDRI ÅLEINE: Eg ville ta heisen åleine med heiskonduktøren, men herr Ju insisterte på å bli med.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

– Eg må be deg ikkje å rapportere om dette, sa herr Ju med et lite usikkert smil, men det kunne eg ikkje lova. Eg stod i den mørke kalde hotellgangen med like kaldt og vått hår, mildt sagt vonbroten over at den etterlengta dusjen var blitt avbroten etter eitt minutt.

Lovnader

Ju var vår guide på ei nyleg reportasjereise i Nord-Korea. I dette landet får me ikkje gå åleine men må alltid ha med oss ein person som ikkje berre ser til at me har mat, ein plass å bu og kjem dit me skal, men som også er den som seier ja eller nei til alt. Ein oppassar.

Fordi me fekk så mykje nei, kunne me ha kalla han Herr Streng, men Ju er også ein likande kar, velsigna med ein stor porsjon humoristisk sans. Han spøkte ofte på vegner av seg sjølv og til fordel for si kone.

Denne kvelden hadde han lova meg varmt vatn, noko eg hadde blitt lova i fire døgn.

Endå ein lang dag på ein holete humpete motorveg og skyssing hit og dit på det travle opplegget Herr Ju hadde førebudd, gjorde at eg både trong og lengta etter ein skikkeleg dusj. Men like snart som eg hadde fått hovudet under kranen, gjekk vatnet frå lunka til iskaldt.

Då marsjerte eg ned gangen og gav Ju eit strengt blikk.

Ju - Ein oppassar.

HERR JU: Vår strenge mann i Pyongyang hadde alltid ein vits på lur

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

– Merkelege skapningar

Han såg uvanleg spak ut. Då fatta eg at han likte dette endå dårlegare enn meg. Herr Ju brukte nemleg mykje krefter på å servera eit glansbilete av Nord-Korea. Slikt som dette var ein strek i rekninga, og tok seg ikkje godt ut.

Eg beit tenna saman og tenkte at me hadde nok av kampar på denne turen.

– Eg skal ikkje klaga, sa eg.

Eg er fullt klar over at landet har straummangel, og då er det vel få nordkoreanarar unnt å få ein varm dusj. Det var berre det at eg hadde gleda meg så veldig.

No trakk herr Ju eit letta sukk og andletet hans lyste opp.

– Journalistar er merkelege skapningar, sa han og lo. Dårlege tilstandar på hotellet går bra, men om de ikkje får filma der de vil og stilla spørsmåla de vil, er det aldeles krise.

Han hadde rett.

Gateorkester i Nord-Korea

GATEORKESTER: Ungdommar pakker saman sine instrument etter ein gatekonsert

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

«Arbeidarane sitt paradis»

I fleire dagar hadde me på alle moglege vis prøvd å overtala Ju til å la oss filma, for oss, heilt opplagde ting, men som han meinte Nord-Korea ikkje hadde noko å vinna på å visa fram.

Me fekk sjå eksempel på korleis det dei kallar «arbeidarane sitt paradis» tar vare på sine borgarar med gratis bustader, sjukehus, skulegang, mat og øl til alle.

Blomefestival, nasjonalfeiring og synkronsymjing fekk me glatt servert, men då me ville filma kraftstasjonen i Pyongyang sa han nei, det var for stygt.

Publikum i Nord-Korea

PUBLIKUM: I fargerike klede under ei oppvisning i synkronsymjing

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Den svarte røyken som forureinar hovudstaden er ikkje eit fint syn. Nei, men det er også ein realitet at forstaden til byen er mørklagt om kvelden fordi de ikkje har nok straum, protesterte me, til inga nytte.

Herr Ju hadde fortalt oss at dei arbeider med å laga eit nytt kraftverk og at straumen i framtida skal koma frå fornybar energi. Det var jo noko me kunne fortelja, om me berre fekk bilete til å illustrera samtida men, nei.

Ju i Nord-Korea

PÅ VEG: Herr Ju kjem ut av badeland, der nordkoreanarar boltrar seg på fritida. Han hevdar at det er spesielt populært blant dei som vitjar frå landsbygda

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

For rufsete

Herr Ju fortalte at han gjerne vil visa folk det eigentlege Nord-Korea men at han ikkje stoler på utanlandske journalistar.

– Det er heilt absurd kva nokre kan finna på å skriva, meinte han.

Ju fortalte at ifølgje ein utanlandsk artikkel var alle som ein av passasjerane på T-banen i Pyongyang statistar. Er det mogleg å senda ein halv million menneske ut som skodespelarar kvar dag, spurte han retorisk.

Me var også på T-banen. Då var det ein mann som klødde seg i baken medan han spurte ei stram konduktør-dame om eit eller anna. Nokre leste aviser som var utstilte i glasmontrar. Ein gjeng unge gutar blei overraska, men bukka høfleg då eg sa hei på koreansk.

Eg ville fotografera toget som kom inn på stasjonen, men då drog ein av Ju sine kollegaer meg i armen og sa at eg ikkje fekk ta bilete av personen som stod føre meg i tog-retninga. Han var for rufsete kledd.

T-bane i Nord-Korea

T-BANEN: Mannen til høyre i biletet var for rufsete til at eg fekk fotografera toget som kom inn på stasjonen, men eg rakk det akkurat

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Det verka ikkje spesielt regissert, heller ikkje når folk sprang etter bussen i rushtida, men me fekk så mange «nei» at det var nære på at me byrja med sjølvsensur.

«Nei» til å spørja vanlege folk om kva dei meiner om den amerikanske presidenten og Nord-Koreas framtid i verda, for «dei er ikkje statsvitarar». «Nei» til å filma den holete motorvegen, og «nei» til å filma landskapet undervegs.

T-bane gutta

PASSASJERAR: Desse gutane bukka djupt når eg sa hei på koreansk inne på t-banen

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Ein kamp

Det var ein kamp, men nokre gonger nytta det med diskusjon.

Då me hadde vore på besøk i ein modell-landsby for jordbruk og ville fotografera eit flott motiv av ein mann på ei kjerre som blei dratt av ein okse, blei me stansa med ordren «ingen filming av slike enkle forhold».

Etter å ha presentert ei rekke argument, fekk me likevel retta kamera mot jorda der bøndene brukte hakke og spade.

Jordbruk i Nord-Korea

JORDBRUK: Etter ein diskusjon fekk me lov til å fotografera bønder i arbeid, men på avstand.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Herr Ju gjekk omsider også med på å stansa bussen og sleppa oss til då me såg folk måka motorvegen fri for snø, mil etter mil, med rein handkraft. Han hadde jo sjølv, gong på gong fortalt oss kor viktig mantraet sjølvberging er for Nord-Korea.

– Me er sterkt samansveiste, og me klarer oss alltid, uansett motgang, sa Ju.

Han hevda at dette var grunnen til at folk me intervjua snakka på inn og utpust om landsfaderen Kim il-Sung og arvefølgjet Kim Jong-il og Kim Jong-un, og i annankvar setning stadfesta si støtte til partiet og nasjonen.

– For tenk deg om dette landet skulle ha vore splitta, og den eine meinte noko anna enn den andre, ja då hadde me aldri klart å stå sterke saman i tjukt og tynt. Då hadde nordkoreanarane ikkje overvunne invasjon, svelt-katastrofe og krig. Då ville utanlandske imperialistiske krefter ha funne svake punkt og tatt seg til rette, meinte Ju, og hevda at alle som ein var samde med han.

Frekke spørsmål

Difor meinte Ju også at det var svært uhøfleg, ja rett og slett frekt, når me spurte ein general på den nordkoreanske sida av den demilitariserte sona om det kunne bli fleire soldatar som hoppa av til sør når våpena i dette området no er nedlagde.

– Ingen stikk av frå vårt land med mindre dei er kriminelle. Ferdig med den saka, sa Ju bryskt.

Sjølv hadde han i sin ungdom eit håp om å bli ein verdskjend vitskapsmann, men han kom ikkje inn på det prestisjetunge Kim Il-Sung universitetet. Difor blei han byråkrat i staden, og no hadde han i tre år hatt jobben som dagleg leiar for eit reisebyrå som tar med turistar og nokre gonger journalistar på tur.

Han hevda me gav han hovudpine.

– Turistar er langt lettare, dei ber meg ikkje stansa bussen i tide og utide og krev alt anna enn det eg har planlagt, sukka han og lo.

Herr Ju i bussen i Nord-Korea

HUMOR: Herr Ju og hans to hjelparar skapte god stemning i bussen, men NRKs fotograf blei frustrert over at me ikkje stansa der han kunne filma.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Drivkraft

På ein skule intervjua eg ein tenåring som også drøymde om å bli vitskapsmann. Det hender at folk som utmerker seg i Nord-Korea, blir premiert med fine gåver, som til dømes ein bil. Eg spurte ungdommen om slikt motiverte han.

– Eg vil berre gjera ein innsats for landet vårt, sa guten.

vil bli vitenskapsmann i Nord-Korea

VITSKAPSMANN: Denne tenåringen har mål om å bli ein vitskapsmann for å tena nasjonen

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Seinare sa Ju at han nesten ikkje trudde sine eigne øyrer då eg stilte dette spørsmålet.

– De fattar ikkje at det er nasjonens ve og vel som er innbyggjarane si drivkraft. I vårt land er kollektivisme heilt ekte, formante han.

Eg spurte om han kjende til arbeidsleirar, noko Nord-Korea er blitt sterkt kritisert for. Forholda er, eller skal ha vore, umenneskelege, men som mangt anna med landet er det ikkje lett å finna truverdige kjelder på den faktiske situasjonen i dag.

Svaret hans var at det er dårlege folk også i dette landet, at så vidt han visste er arbeidsleirane mildare enn fengsel, men at han aldri har vore i ein slik leir, og vonar for all del at han aldri treng setja beina sine ein slik plass.

Soldater i Nord-Korea

SOLDATAR: Militære personar fekk me ikkje lov å fotografera, men det gjorde me likevel

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Svolt

Han hadde svar på det meste Herr Ju, og han hadde alltid ein vits på lur, men då det tikka inn meldingar til oss journalistane om at Nord-Korea for første gong vedgår svolt i landet, såg han på meg med eit blankt blikk som tilsa at dette visste han ikkje.

Då blei han taus.

Me var blitt fortalt at dei økonomiske reformene gjer at folk får behalda overskotet av det dei skapar eller produserer, og at alle har lik sjanse til å lukkast i Nord-Korea.

Fordi me hadde vore på restaurantar med nordkoreanarar, var det tydeleg for oss at akkurat det, ikkje var heilt sant.

Me prøvde å få herr Ju til å forstå at det ikkje er bra når me berre får sjå glansbileta, for det er ikkje truverdig at landet er perfekt.

Mangelen på balanse dyrkar eit tomrom som på eit eller anna vis må fyllast. Då har me ikkje anna enn det me har høyrd frå andre, frå avhopparar, eller utdaterte kjelder. Me treng å sjå ting sjølv, sa me.

Kvinnedans i Nord-Korea

DANS: Dei fleste kvinnene som dansa på gata var svært alvorlege medan mennene smilte.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Dragkamp

Slike diskusjonar var for det meste nyttelause, men det var ofte tydeleg at ønska våre tynga herr Ju, for det var ikkje berre« nei». Det var også «ja», som blei til «nei» etter at han hadde fått andre ordre.

Kanskje er nettopp det eit teikn på at også Nord-Korea er i endring. At det er ein dragkamp mellom det som var og det som skal bli.

Då Herr Ju tok farvel, minna han meg på at nordkoreanske diplomatar heilt sikkert ville få med seg kva eg rapporterte. Eg burde ha det i minne, om eg ville koma tilbake ein gong.

– Det går heilt fint, svarte eg. Om dei likar det eller ei, det får bli deira sak. Om dei vil ha meg tilbake eller ei får også bli deira sak. Kanskje me sjåast igjen. Kanskje ikkje.

Truleg var han sjølv ganske nøgd med at dei to kvinnelege korrespondentane frå NRK og SVT endeleg skulle la han få litt fred for all slags insistering, for då me var tilbake på våre kontor, fekk me vidarefortalt følgjande hjartesukk frå herr Ju:

– Heilt sidan eg blei gift, har eg tenkt at det ikkje finst nokon eg kjem til å frykta meir enn mi kone, men no har eg forstått at det finst andre kvinner i verda det er meir grunn til å frykta.

Jakkemerke til herr Ju i Nord-Korea

JAKKEMERKE: Herr Ju held landsfaderen Kim il-Sung tett til brystet, som dei fleste andre

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt