Korrespondentbrev

Korona-sommarferie i Kina: På djupt vatn

Ein dukkert i fjordane på vestlandet blei brått bytt ut med elvebading i Beijing.

Kjersti Strømmen

ANNLEIS: Asia-korrespondent Kjersti Strømmen hadde eigentleg tenkt å stupe uti havet på Bømlo, i staden blei det i elv i Beijing.

Foto: Kjersti Strømmen

Vind og saltvatn i håret, regn og bølgjeskvulp, lange varme soldagar, eller ein liten kuling. Fisk på kroken og krabbe i garnet. Lukt av lyng og furu og synet av ein hegre som står på éin fot på berget ut mot vestlandsk hav. Hav ein kan stupa ut i og kjenna seg ny og vaken og velsigna.

Det er slik sommaren pleier å vera.

Det, og gode vener samla i muntert lag på ei brygge, med milde vakre tonar frå ein gitar under ein mjukt farga himmel.

Beate Pedersen, Siggjo på Bømlo

HAV EIN KAN STUPE UTI: Havet på Bømlo, her ved Siggjo.

Foto: Beate Pedersen

Ei elv

I staden for alt dette kasta eg meg ut i ei elv som renn gjennom Beijing. For i år blir alt annleis. Medan nordmenn flest ferierer i Noreg, blir min ferie kinesisk.

La det ikkje vera nokon tvil. Eg elskar å bu i Beijing. Like fullt elskar eg sommaren på Bømlo. For meg er det ein perfekt kombinasjon.

Kvardagen i Kina, og ferie på det norske vestland. Det er nokon som har sagt det før, at Noreg er eit godt land å feriera i. Det er perfekt, med alt sitt ver til å lada batteria, men for journalisten i meg er Kina den mest interessante staden i verda akkurat no.

Eg trivst med utfordringane og hinderløpa. I Kina er det aldri mogleg å kjeda seg. Det er noko nytt å læra kvar einaste dag. Samstundes tærer det på kreftene å arbeida i eit regime der folk kvir seg for å snakka med journalistar, og der politi ofte stansar oss for den minste ting me skal filma.

Eg har lært at det er særdeles lurt å ta seg ein skikkeleg pause for ikkje å bli tappa heilt for krefter. Difor pleier eg ikkje å ta ferie i Kina.

I dette enorme landet er det fantastisk mykje å oppleva, kultur, historie og natur, men eg opplever så mykje i jobben at å sjå på havet vest der ute gir meg meir kvile enn det nye oppdagingar gjer.

Elvebad i Beijing

STUP: Eit stup i elva er forfriskande når gradestokken viser 37 varmegrader.

Foto: Kjersti Strømmen /

Stranda utanfor Kina

Dette året ville sommarferie i Noreg måtte by på hindringar. Det ville bli karantene ved innkomst. Det kunne ein alltids klare ut med havet, men tilbake i Kina vil det bli to vekers karantene innestengd på eit hotellrom. Det er ikkje spesielt attraktivt, men heller ikkje dét ville ha vore det verste.

Det mest utfordrande er at å reisa frå Kina vil kunne innebera at me ikkje kjem oss inn igjen.

Då virusutbrotet først blei kjent i Kina stengde fleire land grensene for kinesarar. Det likte ikkje styresmaktene i dette landet, men då korona fekk grep på resten av verda gjorde Kina det same og stansa innreise for utlendingar. Det skjedde i mars.

Varslinga om at grensa stengde kom brått på dei fleste. Ein kollega som hadde vore i Europa for å henta ektefelle og to små born mellomlanda i Thailand på veg til Kina, men dei kom ikkje lengre enn til Bangkok.

Tolmod

Flyet dei skulle reisa vidare med var overfylt og kinesiske passasjerar blei prioritert. Ikkje kunne dei booka om billettane heller, for dette blei det siste flyet som fekk landa i Beijing.

Dei prøvde å nyta livet i Thailand, og gjorde situasjonen til eit eventyr. Då byrja hotell etter hotell å stenga dørene. Tomme strender er forlokkande, men ikkje når ein heller ikkje sjølv får tilgang. Etter vekevis i ein slags unntakstilstand i Thailand vende familien tilbake til Europa. Meir enn fire månadar seinare ventar dei framleis på å få koma inn igjen i Kina.

Andre vener og kollegaer sit fast i USA, i Frankrike, i Finland. Dei som ikkje var i Kina då arbeids- og opphaldsløyvet deira gjekk ut, har fått kansellert sine visum, og må gå gjennom prosessen på nytt. Nokre forretningsfolk har fått spesielle løyve til å reisa inn i Kina med chartra fly.

Denne veka blei det kjend at nokre internasjonale skular har fått lov til å få sine lærarar inn i landet, men dei aller fleste må framleis smørja seg med tolmod og venta.

KORONA: Kina har fått sterk kritikk for ikkje å ha varsla eigne borgarar og verda om koronaviruset, men har seinare reagert raskt og effektivt på lokale utbrot, og ser no ut til å ha fått kontroll på Covid-19.

KORONA: Kina har fått sterk kritikk for ikkje å ha varsla eigne borgarar og verda om koronaviruset, men har seinare reagert raskt og effektivt på lokale utbrot, og ser no ut til å ha fått kontroll på Covid-19.

Foto: Kjersti Strømmen /

Vendereis

Desperate forsøk på å ta seg inn i Kina har ført til at enkelte har stranda i Hongkong. Passasjerar som trudde det ville bli lettare å nå fastlandet ved å mellomlanda i denne byen blei nekta å reisa vidare.

Elleve reisande som kom med eit fly frå Dubai i juni fekk beskjed om å gjera vendereis når dei ikkje kom seg vidare til Kina. Dei skulle til og med få turen tilbake gratis, men ti av dei nekta å snu.

Attpåtil fekk dei etter fem dagar vita at 26 av deira medpassasjerar fekk påvist Covid-19. Difor blei dei straks transporterte rett til eit karantenesenter.

Ein person som kom frå Canada og skulle vidare til Vietnam, blei sitjande på flyplassen i Hongkong i tre månadar då også denne destinasjonen stengde for innreise. Han fekk mat og drikke av flypersonale og forbipasserande.

Avisa South China Morning Post skriv at historia hans er som tatt ut av spelefilmen til Steven Spielberg, Terminalen, der Tom Hanks spelar hovudrolla.

Ei 63 år gamal kinesisk kvinne reiste frå London til Hongkong men kom seg ikkje vidare til Kina. Ho nekte også å gjera vendereis, og hevda at ein krangel i familien gjorde at ingen ville ta vare på henne om ho reiste tilbake til England. Etter tre veker fekk ho, som eit unntak, lov til å reisa inn i Kina. Då hagla kritikken om spesialbehandling.

DUSJ: Mangel på dusjanlegg er ingen hindring når ein kan ta med sin eigen

DUSJ: Mangel på dusjanlegg er ingen hindring når ein kan ta med sin eigen.

Foto: Kjersti Strømmen /

Nye perspektiv

Det beste med å vere i Kina no, er at landet har fått god kontroll på koronaviruset, og når det dukkar opp blir det slått raskt og effektivt ned på.

Difor er landet veldig på vakt mot nye smittetilfelle frå utlandet, og følger utviklinga internasjonalt med argusauge. I Europa er situasjonen sårbar når nasjonane opnar grensene for kvarandre.

Sjølv om Kina skulle opna opp for tilreisande, vil det i denne sensitive perioden kunne bli lukka ned på få timars varsel, om verda utanfor får nye bølger med virus.

Det kan me ikkje risikera.

HINDRING: Vaktar og politi står ofte i vegen for journalistisk arbeide i Kina

HINDRING: Vaktar og politi står ofte i vegen for journalistisk arbeide i Kina

Foto: Kjersti Strømmen /

Det er krevjande nok å rapportera frå Kina, om eg ikkje skulle bli tvungen til å gjera det frå eit anna land. Og mi dotter lengtar etter ein skulekvardag som blir meir normal enn det siste halve året.

Difor blir me ved vår post. For første gong som korrespondent tar eg sommarferien i Kina, og me hoppar med glede ut i ei elv.

Og som alltid når ein gir seg ut på noko nytt opnar det seg nye perspektiv. Elva har gitt oss nye vener, som vil ha oss med på utflukt til ein innsjø, og som vil læra mi dotter til å symja endå meir som ein fisk.

Og utanfor byen ventar dei vakre fjella og den kinesiske mur, med sine milde og vakre solnedgangar, og lokale kjenningar av oss.

Der skal me finna kvile og kraft. Eg kjenner at eg gler meg til det.

Den kinesiske mur

MUR: Fjellheimen med Den kinesiske mur er ein god stad å finne kvile

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt