I går kveld inngjekk representantar for NATO ein våpenkvileavtale med den albanske geriljaen i Makedonia, og i dag vart NATO og den makedonske regjeringa samde. Våpenkvila skal vere effektiv frå midnatt.
Det er uklart kva avtalen går ut på, men president Boris Trajkovski seier at avtalen skal vere basert på eit forslag frå ein fransk grunnlovsekspert. Det skal ikkje vere semje om eit krav frå geriljaen om at den albanske minoriteten skal ha vetorett i viktige saker i regjeringa.
Seinast i går var det harde kampar melloom geriljaen og den makedonske hæren like utanfor den nest største byen i landet, Tetevo.