NRK Meny
Normal

Vanskeleg snuoperasjon på Yangtze

Kinesiske styresmakter seier at det ikkje lenger er håp om å finne overlevande inne i passasjerskipet «Eastern Star», som havarerte i Yangtzeelva tidlegare denne veka. Bergingsmannskapa har no greidd å snu fartøyet.

Passasjerskip snudd på Yangtze.

Bergingsmannskapa greidde å snu «Eastern Star» etter ein krevjande operasjon.

Foto: Xiao Yijiu / Ap

Det var sist måndag kveld at katastrofen ramma . Berre 14 av dei 456 menneska om bord i elvecruiseskipet vart berga. Hittil er 97 stadfesta omkomne, medan rundt 440 menneske framleis er sakna etter det som truleg er den verste skipskatastrofen i Kina på over 70 år. Skipet vart kasta rundt i det som truleg var ein kraftig syklon eller tornado.

Snuoperasjon på Yangtzeelva.

Operasjonen med å snu «Eastern Star» blir karakterisert som svært vanskeleg.

Foto: CHINA STRINGER NETWORK / Reuters

Det var dårleg ver og vanskelege leiteforhold dei første døgna etter havariet, og redningsarbeidarane makta ikkje å kome seg inn i det området av skipet der dei fleste passasjerane truleg er.

Krevjande operasjon

To gedigne kraner starta i natt norsk tid arbeid med å heve og snu skipet, som vart liggjande med botnen i vêret i elva Yangtze nær byen Jianli i Hubei-provinsen. Yangtze er den lengste elva i Kina og den tredje lengste i verda.

Det er meininga å støtte fartøyet opp med flyteelement, slik at søket etter omkomne inne i vraket kan kome i gang så snart som råd. Det meste av skipet skal no vere gjennomsøkt, men det er ikkje funne fleire enn 97 omkomne.

Snuoperasjonen er vanskeleg. Det 76,5 meter lange skipet veg 2200 tonn, og det har vore frykt for at hevinga kunne ytterlegare destabilisere fartøyet slik at det kunne søkke endå djupare ned i elva.

Det havarerte passasjerskipet har i fleire år gått i cruisefart på Yangtzeelva. På denne turen var passasjerane i hovudsak pensjonistar frå Shanghai.

Klipp fra snuoperasjonen

VIDEO: Vanskeleg snuoperasjon på Yangtze

Bergingsoperasjon på Yangtzeelva.

To store kraner arbeider med å snu det havarerte passasjerskipet på Yangtzeelva. Det er ikkje lenger håp om å finne fleire overlevande.

Foto: STR / Afp

– Dei må skunde seg langsomt

– Skipet vart truffe av ein tornado

Slektningar held minnestund i Jianli.

Slektningar held minnestund for dei omkomne passasjerane på eit torg i byen Jianli torsdag kveld.

Foto: STR / Afp

Krev uavhengig gransking

Mange pårørande har reagert sterkt på det dei meiner er manglande informasjon frå kinesiske styresmakter. 70 år gamle Xia Yunchen storma inn på ein pressekonferanse i Jianli der fleire representantar for styresmaktene tok del. Ho kravde svar på kva som eigentleg hadde skjedd.

Pårørande kritiske til kinesiske styresmakter.

Mange av dei pårørande som har kome til Jianli nektar å godta forklaringa om at ein tornado var skuld i at passasjerskipet gjekk rundt.

Foto: JOHANNES EISELE / Afp

– Er det naudsynt å behandle vanlege folk som om vi var ein stor fiende? Det er slik de behandlar oss. Vi er skattebetalarar. Vi støttar regjeringa. De burde endre haldninga dykkar. De er her for å tene oss, de må vere humane, sa ho før ho vart eskortert ut av politifolk.

70-åringen, som har ei syster og ein svoger blant dei sakna, krev ei uavhengig gransking av ulukka. Ho og mange andre av dei pårørande meiner at det ikkje var vêret som var hovudårsaka til at passasjerskipet gjekk rundt.

- Kapteinen utan skuld

Over 1200 slektningar av passasjerane har kome til Jianli. I går kveld samla dei seg på eit torg i byen og heldt ein minneseremoni over dei omkomne. Dei tende levande lys og las bøner for slektningane sine.

Kapteinen og maskinsjefen om bord er blant dei 14 overlevande. Dei har forklart at skipet gjekk rundt i løpet av få sekund etter at tornadoen ramma. Ein talsmann for reiarlaget, Chonqqing Eastern Shipping, avviser at den 53 år gamle kapteinen har noko som helst skuld i det som skjedde.

Pårørande protesterer etter båtulykka

Skal snu ulykkesskipet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt