Hopp til innhold

Vanskeleg oppgåve for ny regjering

 Den nye palestinske samlingsregjeringa er klar, men det er lite sannsynleg med eit gjennombrot i forholdet til Israel.

Delar av den nye palestinske regjeringa
Foto: SUHAIB SALEM / REUTERS

 Israel har alt gjort det klart at dei ikkje vil snakke med den nye regjeringa, som også blir leidd av Ismail Haniyeh frå Hamas, før dei har godteke tre vilkår som er nedsette av det internasjonale samfunnet.

Det gjeld å ta avstand frå valdsbruk, å godkjenne Israel som ein sjølvstendig stat og å etterleve alle tidlegare avtalar som er inngåtte mellom dei palestinske styresmaktene og Israel.

Respektere avtalar

Sjølve regjerings erklæringa er ikkje lagt fram enno, men nyheitsbyrået AFP har greidd å få ut nokre punkt. Her heiter det at den nye regjeringa vil respektere tidlegare inngåtte avtalar. Israel har sagt at det ikkje er nok å respektere gamle avtalar, men at dei også må etterlevast i praksis.

Vidare heiter det i regjeringserklæringa at valdsbruken skal stanse, dersom også motparten stansar sin valdsbruk. Samstundes går det fram av den delen av regjeringserklæringa AFP har sett at palestinarane har rett til å drive motstandskamp.

Erklæringa nemner ikkje Israel ved namn, og seier at regjeringa vil arbeide for å opprette ein palestinsk stat på Gazastripa og Vestbreidda med Jerusalem som hovudstad. I erklæringa blir det også lova å arbeide for at flyktningar kan vende tilbake til heimane sine.

Lang prosess

Det som tok lengst tid i danninga av den nye regjeringa var å finne ein innanriksminister som begge partar kunne støtte. Resultatet vart Hani al-Qawasmi, ein mann utan særleg politisk eller militær erfaring.

Den nye palestinske innanriksministeren Mohammed al-Qawashmi
Foto: MOHAMMED ABED / AFP

Innanriksdepartementet er viktig fordi det har kommandoen over store delar av tryggingsstyrken og over politiet.

49 år gamle Qawasmi er 49 år gammal, utdanna økonom, og er for tida direktør ved  palestinsk høgsterett. Han tilhøyrer ei av dei mektigaste  familieklanane i dei palestinske områda, og er heimehøyrande i Hebron på Vestbreidda.

- Eg er uavhengig. Alle palestinarar er mitt folk, det gjeld også dei ulike fraksjonane. Det kjem ikkje til å skje at eg arbeider meir for ei side enn for den andre, seier han i dag.

Han meiner at det faktum at han ikkje er knytt korkje til Hamas eller Fatah, vil vere ein stor fordel for jobben han skal gjere som innanriksminister.

Nasjonal einskap

- Det er no tid for nasjonal einskap og nasjonal semje mellom alle partia i det palestinske samfunnet, legg han til.

Qawasmi seier det er for tidleg å uttale seg om organiseringa av tryggingsstyrkane. Det gjeld blant anna Fatah sitt krav om at dei må integrere sine væpna styrkar i det offisielle tryggingsapparatet, som er dominert av Fatah.

Hamas har tidlegare sagt at dette berre kan skje gjennom ei omfattande reform av heile tryggingstenesta.

BBCs Midtausten-ekspert Roger Hardy meiner at den nye regjeringa vil få ei tøff oppgåve i tida som kjem. Han minner om at det framleis er djup mistillit mellom Hamas og Fatah, ikkje minst mellom dei militære leiarane.

Fleire analytikarar peikar på at det er nettopp forholdet til dei militære leiarane både i Fatah og Hamas som vil bli avgjerande. I dag har desse leiarane enorm makt og status i dei palestinske områda, og det blir ein skikkeleg test for den nye innanriksministeren om han greier å få dei til å samarbeide.

Det er til saman 25 medlemer i den nye regjeringa, som skal endeleg godkjennast av det palestinske parlamentet i Ramallah førstkomande laurdag.

To andre viktige brikker i den nye regjeringa til Ismail Haniyeh er utanriksministeren og finansministeren.

 Utanriksminister Ziad Abu Amr

Ziad Abu Amr blir ny palestinsk utanriksminister.
Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP

Abu Amr er 56 år gammal og frå Gaza by. Han er politisk uavhengig, og han har i fleire år vore professor i statsvitskap ved Birzeit-universitetet i Ramallah på Vestbreidda. Han er utdanna i USA, og har vore ein pådrivar  for å gjennomføre demokratiske reformer i dei palestinske områda.

I 2002 og 2003 var han kulturminister i regjeringa til dåverande statsminister Mahmoud Abbas, og parlamentsvalet i januar i fjor vart han innvald som uavhengig. Han overtek som utanriksminister etter Mahmud Al-Zahar, som har vore kjend som ytterleggåande og med eit vanskeleg forhold til Fatah.

Finansminister Salam Fayyad

Salam Fayyad er 54 år gammal og er også utdanna i USA. Han har tidlegare vore tilsett i Verdsbanken og  Det internasjonale pengefondet, og har oppnådd respekt i Vesten for sine forsøk på å skape ein meir open palestinsk finanspolitikk. Han var finansminister også i perioden 2002-2005, og slo hardt ned på korrupsjonen i dei palestinske områda.

Salam Fayyad (t.v.) er ny palestinsk finansminister.
Foto: MICHEL EULER / AP

Han fekk mykje av æra for at det internasjonale samfunnet byrja å gi pengar direkte til dei palestinske styresmaktene i staden for via private organisasjonar.

Han kom i konflikt med dåverande statsminister Ahmed Qurie, og gjekk av i protest i november 2005.

Fayyad, som er frå Tulkarem på Vestbreidda, stilde i spissen for ei lita gruppering som kalla seg "Den tredje veg" ved parlamentsvalet i januar i fjor. På denne lista var det berre kandidatar som ikkje var knytte til Hamas eller Fatah.

SISTE NYTT

Siste nytt