John Howard vart vald til leiar for Det konservative partiet inovember 2003. Under hans leiing har partiet gjort det betre på meiningsmålingane enn på mange år, noko som har fått optimismen tilbake i partiet.
Han har brukt bakgrunnen sin for alt det er verd i valkampen: - Eg er eit barn av innvandrarar, eg er utdanna ved ein offentleg skule og var den første i familien som gjekk på universitetet. Eg skuldar Storbritannia alt, seier han.
I valkampen har han fortalt om bestemora, som døydde i eit gasskammer i Auschwitz, ofte med tårer i augo.
John Howard var innanriksminister i John Major si regjering. Han vart rekna som ein tøff statsråd, og innførte blant anna private fengsel. Han vart hugsa for å slå ettertrykkjeleg fast at "fengsel fungerer!".
Innvandring har vorte eit heitt tema i valkampen. Howard vil ha 24 timars vakthald ved alle grensestasjonar, og foreslår at Storbritannia trekkjer seg frå Genevekonvensjonen om flyktningar.
Han har blitt skulda for å nøre opp under rasisme, men Howard har svara kontant at dette ikkje er rasisme, men sunn fornuft.
Andre viktige saker for Howard er kampen for eit betre helsevesen, bort med offentleg byråkrati, meir politi i gatene og tryggleik for pensjonane.
Det har blitt sagt i Storbritannia at det sterkaste kortet til John Howard, er kona Sandra. Ho var tidlegare ein feira modell, og er framleis vakker og glamorøs. Ho er svært populær i Storbritannia.
Dei har vore gifte i 30 år, og ho er med mannen på dei fleste valkampmøta hans. Og det har vore til god hjelp for den 63 år gamle juristen.