Hopp til innhold

Situasjonen i Syria er for vanskeleg for Røde Kors

Bistandsorganisasjonen Røde Kors slit med å utføre hjelpearbeid i Syria. Situasjonen er så vanskeleg at at dei ikkje kan planlegge noko arbeid, seier organisasjonen president.

Born ser på dei store skadane etter åtak i Houla i Syria

FORVERRA SITUASJON: Store deler av Syria er påverka av borgarkrigen, som her i Houla, vest i landet. Som fylge av dette når ikkje naudhjelpen fram til dei som treng det.

Foto: HANDOUT / Reuters

Røde Kors-president Peter Maurer

FORTVILA: I fylge president i Røde Kors, Peter Maurer, når ikkje hjelpa fram mange stader i Syria.

Foto: SEBASTIEN FEVAL / Afp

– Den humanitære situasjonen vert verre trass i at hjelpearbeidet vert utvida. Me klarer ikkje å handtere forverringa av situasjonen, seier Peter Maurer, presidenten i Den internasjonale Røde Kors-komitéen.

Han heldt ein pressekonferanse i dag om situasjonen for hans organisasjon i Syria. Det einaste han kunne leggje fram var dystre tal og dystre utsikter. Mange stader når ikkje hjelpa fram.

– Eit ukjend tal menneske får ikkje hjelpa dei treng, seier Maurer, og held fram:

– Me har mange blindsoner no som me ikkje har vore i. Eg kan ikkje seie noko om korleis situasjonen er på slike stader.

Til reportarar i Geneve sa han at Røde Kors ikkje kan planlegge eller koordinere naudhjelpen framover lenger.

– Det handlar om å fylle sprekkene no, fordi situasjonen endrar seg kvar dag, og krigføringa flyttar på seg, seier han.

Assad: – Blir i Syria til eg døyr

Bashar al-Assad hos TV-kanalen Russia Today

NYTT INTERVJU: Til kanalen Russia Today gjev president Bashar al-Assad eit sjeldan intervju. Her seier han at han skal forbli i Syria.

Foto: Russia Today

Konflikten i Syria dreg ut. Snart 20 månader er gått sidan opprøret mot Bashar al-Assads regime starta. No er det vorte borgarkrig, og ingen av partane ser ut til å ville gje seg. Til russisk TV i dag annonserte president Bashar al-Assad at han ikkje kjem til å forlate landet.

– Eg er syrar. Eg vart laga i Syria. Eg må bu og døy i Syria, seier presidenten.

Dette kjem berre dagar etter at den britiske statsministeren David Cameron foreslo at Assad kunne få ein fri passasje ut av landet dersom det kunne garantere ein slutt for borgarkrigen.

Til TV-kanalens reporter seier han at det er viktig at Syria held fram med å vere i opposisjon til Vesten, og at ein utanlandsk militær intervensjon kan føre til uante problem for heile verda.

– Eg trur ikkje Vesten kjem til å intervenere i Syria, men dersom dei gjer det, er det ingen som kan spå kva som vil skje, seier han, og held fram:

– Prisen ein må betale for ein slik invasjon kjem til å verte dyrare enn nokon i verda kan ha råd til.

SISTE NYTT

Siste nytt