NRK Meny
Normal

Sleper og trampar på Gaddafi-liket

Videoopptak frå Libya viser liket av Muammar Gaddafi som vert avkledd og slept gjennom gatene av overgangssoldatar.

Video Liket til Gaddafi slepes bortover

Liket til Gaddafi blir tråkka på og slept gatelangs i Sirte, Libya. NRK har valt å ikkje vise heile innhaldet i originalvideoen.

Ein video som fjernsynskanalen Al Jazeera har publisert, syner sterke bilete av menneske som fornedrar det som skal vera liket av Gaddafi.

På grunn av det sterke innhaldet i originalvideoen, har NRK publisert ein redigert versjon.

Den opprinnelege versjonen viser tydelege bilete av ei jublande folkemengde som halar med seg den døde, blodige kroppen langs bakken, og dreg skjorta av overkroppen til den forhatte eks-leiaren.

– Skoten i hovudet

LIBYA-CONFLICT-KADHAFI

Soldatar frå overgangshæren i Libya viser fram det dei hevdar er Gaddafis gullbelagde pistol.

Foto: PHILIPPE DESMAZES / Afp

I kaoset som rår i amatørvideoen, er det mogleg å skimta beina til ein uniformert overgangs-soldat oppstilt ved sidan av det blodraude andletet til Gaddafi.

Det er også kome fleire stillbilete av den døde diktatoren, som skal ha vorte skoten både i beina og i hovudet då NATO-fly gjekk til åtak på konvoien han sat i på veg ut av fødebyen Sirte torsdag.

Adel Samir i Qabra-Brigaden seier til nyheitsbyrået AP at han var til stades då Gaddafi vart angripen.

– Me fann han på gøymestaden hans. Me fanga han der og nokon skaut han med ein 9mm pistol, seier Samir.

Korkje NATO eller andre uavhengige kjelder har førebels stadfesta opplysningane frå Det nasjonale overgangsrådet i Libya, men i fleire libyske byar slepp innbyggjarane no jubelen laus og gler seg over at den sju månader lange krigen mot Gaddafi og hans støttespelarar truleg er over.

Gaddafi

Bilete av det som skal vera liket av Muammar Gaddafi.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt