NRK Meny
Normal

Vallokala har opna i Nigeria

Millionar strøymer no til valurnene. Valet står mellom to kandidatar. Sør og Nord. Kristen og Muslim. I det mest folkerike landet i Afrika.

Valurnene har opna

Mange nigerianarar viser stolt fram stemmekortet sitt i dag. Det er dødt løp mellom kandidatane.

Foto: Scanpix

Reglar Nigeria, val 2015

Kandidatane har gått saman om ein antivald-kampanje for å hindre samanstøyt og juks.

Foto: Christine Præsttun / NRK

NRK har vore ute i Abuja og lodda stemninga ved vallokala og snakka med fleire håpefulle veljarar. Blant dei, den muslimske kvinna Apika Sani.

Ho viser fram stemmekortet sitt.

– Dette er beviset på den vesle makta eg har. Vi må gjere vår plikt som borgarar av Nigeria, fortel ho til NRK.

Afrikakorrespondent

NRK-korrespondent Christine Præsttun har besøkt eit vallokale Abuja.

Foto: NRK

Heile Abuja er i dag stengt for biltrafikk. Folk må gå til fots for å stemme. I morgontimane møtte folk opp for å registrere seg. Styremaktene har innført eit elektronisk system, der folk først må registrere seg med fingeravtrykk. Tiltaket skal hindre juks, men gjer valprosessen kronglete.

Klokka halv to i ettermiddag kunne folk på nytt stille seg i kø for å stemme. Det er førti grader i Abuja.

Eldre og gravide får stemme først. Det er store forseinkingar.

Nigeria Election

Eldre og gravide får stemme først i den steikande varmen.

Foto: Ben Curtis / Ap

Eit stort og uregjerleg demokrati i Afrika

Av dei 173 millionar innbyggarane i Nigeria, har snart 70 millionar stemmerett.

Valet ligg an til å bli det jamnaste sidan 1999, då Nigeria vart eit demokrati. Det står mellom sittande president Goodluck Jonathan og utfordrar Muhammadu Buhari, ein tidlegare militærdiktator.

Dersom valet blir jamt fryktar mange at det vil kome til samanstøyt mellom støttespelarane til dei to kandidatane, fortel fleire NRK har snakka med i Abuja.

NIGERIA-ELECTION/ A woman stands near election posters at the entrance of a building, at the start of the Osun state governorship election in Ifofin village in Ilesa

To kandidatar, to religionar. Sittande president Goodluck Jonathan til venstre, Muhammadu Buhari til høgre. Frå Ogun-provinsen i Nigeria.

Foto: AKINTUNDE AKINLEYE / Reuters

Kristen mot Muslim, Sør mot Nord

Dei to kandidatane splittar Nigeria. Sittande president Goodluck Jonathan er ein kristen frå Sør, medan den tidlegare militærdiktatoren Muhammadu Buhari, er muslim frå Nord.

I Sør fryktar folk den muslimske religionen til Buhari, og i Nord har veljarane mista trua på Jonathan, fordi han ikkje klarar å knekke islamistane Boko Haram.

NIGERIA-ELECTION/ A man rests against a pillar as he waits for the verification of his voter's card at a polling unit at the start of general elections in Daura

Ein veljar i Daura, Nordvest i Nigeria, ventar på å få stemme.

Foto: AKINTUNDE AKINLEYE / Reuters

– Eg er avventande, fortel kommentatoren Clement Nwankwo til New York Times. Eg har sett so mykje desperasjon på alle sider. Eg ser ikkje vilje til kompromiss.

Buhari har i valkampen angripe Jonathan for manglande handlekraft. Herjingane til Boko Haram, økonomiske problem og korrupsjon er blant dei viktigaste utfordringane i Afrikas mest folkerike land.

NIGERIA-ELECTION/ Voters check their name on voters lists pasted on a wall at a polling unit at the beginning of general elections in Daura

Veljarar leiter seg opp på listene i Daura, Nordvest i Nigeria.

Foto: AKINTUNDE AKINLEYE / Reuters

Stemmer for forandring

I valkøen i Abuja vil ikkje Apika Sani seie kven ho vil stemme på. Abuja er trass alt hovudstaden, her bur det både kristne og muslimar, og folk frå alle delar av landet. Men ho røper seg litt.

– Eg stemmer for forandring, fortel ho til NRKs korrespondent.

– Oljen bestemmer

Aviser og radiostasjonar har vore fulle av valkampreklamer dei siste vekene. Valkampen er finansiert av den mektige oljeindustrien.

70 % av inntektene til staten kjem frå olje.

AFRICA-CURRENCIES/ A bureau de change operator counts U.S. currency notes in Abuja

Trass enorme oljeinntekter, er det framleis Dollar som gjeld i Nigeria. Få har tiltru til den lokale valutaen.

Foto: AFOLABI SOTUNDE / Reuters

The Economist hevdar at hundre tusen fat olje forsvinn kvar dag. Mektige multimilliardærar styrer landet i kulissane.

Difor er det lite truleg at nokon av presidentkandidatane vil klare å skape forandringa som folk krev og forventar.

I Sør blir det sagt at piratverksemda har gått ned, fordi politikarane har hyra dei inn som «muskelmenn» under valet.

Nigeria Election

Ein krokete finger får kjenne på moderne teknologi. Alle fingeravtrykk blir registrert for å hindre dobbeltstemmer.

Foto: Ben Curtis / Ap

Tekniske problem med nytt elektronisk valsystem

Då Goodluck Jonathan og kona Patience i dag skulle registrere seg i heimbyen Otuoke, knelte det nye elektroniske valsystemet. Prestisjeprosjektet til presidenten. Presidentparet måtte finne seg ein nytt vallokale.

NIGERIA-ELECTION/ Nigeria's President Goodluck Jonathan and wife Patience Jonathan arrives at the polling ward for accreditation in Otuoke

President og frue fekk uventa problem med å avlegge stemme. Blir problema store, kan det føre til uro.

Foto: AFOLABI SOTUNDE / Reuters

Skulle det bli mange feil med det elektroniske valsystemet, kan det utløyse kaos og uro, fortel kjelder til NRK i Abuja.

Valresultatet er venta å kome innan 48 timar etter at vallokala stenger laurdag kveld. Men valet kan bli utsett i enkelte kretsar, skulle det bli trøbbel med det elektroniske stemmesystemet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt