Hopp til innhold

Valkamp med ny vending

Valkampen i USA har tatt ei kraftig vending med finansuroa den siste veka, skriv NRKs utenriksredaktør i ein kommentar.

Børsen på Wall Street

Børsen på Wall Street.

Foto: Nina Skurtveit / NRK

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Valkampen i USA har tatt ei kraftig vending med finansuroa den siste veka. Plutseleg har kandidatane begynt å snakke om konkret politikk etter å ha brukt veker på å bygge opp profil og karakter og fekte verbalt på eit meir abstrakt plan.

Når 6000 milliardar kroner forsvinn på finansmarknaden over natta og uvissa breier seg frå børsen til langt ut på bygda, held det ikkje lenger å snakke om at det trengst endring og ein ny kurs.

Handling og leiarskap

Da ropar eit USA i økonomisk uføre på handling og leiarskap, og kandidatane vil vise kvifor nettopp han eller ho er den best eigna til å styre landet vekk frå krakk og elendighet og gjøre himmelen over Amerika lys og skyfri igjen.

Meiningsmålingane viser at økonomien nå er den viktigaste saka for dei amerikanske veljarane.Krisa rundt bustadmarknaden og dei omstridde banklåna har smitta over på sysselsettinga og forbruket.

Barack Obama skrudde på sjarmen under debatten.

Barack Obama skrudde på sjarmen under debatten.

Foto: STAN HONDA / AFP

Alle dei forståsegpåarane som for få månader sidan rekna med at det skulle gå bra også det neste året, spør nå kor lenge nedgangstida vil vare og kor djupt ho vil stikke. Om arbeidsløysa som i dag ligg på fem prosent, vil gå over sju. Det er fem millionar nye menneske utan jobb i USA - og utan kjøpekraft.

Dei mest pessimistiske får størst spalteplass, og dei seier vi bare er ved byrjinga ennå og snakkar om fall i bustadmarknaden både i år og neste år. Og at bankane må rekna med å avskrive enda fleire uteståande lånemilliardar.

Og alle fryktar dei kollaps i finansmarknaden.

Panikk i Washington

At panikken har tatt tak i Washington, er tydeleg. Sentralbanksjefen hadde ikkje tid til å vente på det vanlege rentemøtet neste veke, men tok eit rekordjafs av renta og varsla at meir skal det bli. Like oppsiktsvekkande fekk president Bush tverrpolitisk støtte i Kongressen for ein krisepakke utan å måtte gjennom det vanlege blodbadet i forkant.

Forbruket utgjør 70 prosent av den økonomiske aktiviteten i USA og er sjølve temperaturmålaren på om det står bra til eller ikkje. Dei amerikanske forbrukarane får nå 800 milliardar kroner til å ta med seg ut og bruke i butikkar og på restaurantar. Det er i alle fall tanken bak.

For presidentkandidatane blir den økonomiske krisa som øving å rekne.

Dei kan love og forsikre om skattelette eller offentleg innsats - og dei vil ikkje bli stilt til reknskap før dei eventuelt har sett seg godt til rette i Det ovale kontoret.

Det er han som sit der i dag, som må handle.

Hillary Clinton etter seieren i Nevada

Hillary Clinton etter seieren i Nevada.

Foto: RICK WILKING / REUTERS

Slutten på ei 60-årsboble

Krisa er ikkje amerikansk aleine. Børsane har svinga kraftig frå Tokyo til Oslo, og nervøsiteten merkest kloden rundt. USAs økonomi er framleis den største i verda. Men vektskålene internasjonalt er i ferd med å endre seg: Den europeiske økonomien veks sterkare enn den amerikanske, for ikkje å snakke om kor stor fart det er på den asiatiske.

Finansmannen George Soros seier at det som skjer nå, markerer slutten på ei 60-årsboble i internasjonal økonomi. Han trur ikkje at krisa vil føre oss inn i ei verdsomspennande nedgangstid.

Slikt lyttar vi gjerne til, men heller ikkje Soros har fasiten. Han, og alle dei andre, har erfaringa og teoriane og kan trekke konklusjonar og anta og meine.

Men det har vi lært: Ingen kan gi det eksakte svaret.

Og det veit vi: Vi er alle del av ein stor global økonomi, så innvevd i alle andre at vi kjenner oss truga av den store økonomiske pandemien kvar gong feberen stig og halsen snører seg saman i eit heilt anna hjørne av verda.

Men slik kan også tiltakspakka til Bush bli til minst like stor glede for ein kinesisk som ein amerikansk arbeidar.

Hør innslaget her: Gunnar Myklebusts kommentar . Hør radioprogrammet Verden på lørdag på P1 og P2 klokken 11.03 hver lørdag.

SISTE NYTT

Siste nytt