NRK Meny
Normal

Valet der meiningsmålingane fekk rett

Etter eit år der meiningsmålingsinstitutta har fått mykje kritikk for at dei ikkje klarte å føresjå verken Brexit eller Trump-sigeren i USA, kan det franske presidentvalet sjå ut til å kunne gjenopprette litt av tilliten til talknusarane.

FRANCE-ELECTION/CANADA French citizens react after watching the televised results of the first round of the French presidential elections where Emmanuel Macron and Marine Le Pen advanced to the second round at a viewing event in Montreal

Dei endelege resultata blei ikkje veldig annleis enn kveldens første prognose – som heller ikkje var langt unna dei siste meiningsmålingane i forkant av valet.

Foto: DARIO AYALA / Reuters

– Det var stor spenning knytt til meiningsmålingane før dette valet, på bakgrunn av det som har skjedd i USA og Storbritannia, så dette er klart ein stor siger for meiningsmålarane, seier professor i statsvitskap ved UiO, Bernt Aardal, til NRK.

For i motsetnad til Brexit og Trump har meiningsmålingane faktisk halde vatn denne gongen.

Dei siste meiningsmålingane som blei publisert fredag viste eit resultat på mellom 23 og 24 % til Macron, som enda på 23,86 %. Marine Le Pen kunne innkassere 21,43 % av stemmene, ikkje langt unna dei føresette 22–23 %. Også Fillon og Mélenchon som kom like etter enda opp med resultat som spegla meiningsmålingane godt.

Usikre veljarar

Meiningsmålingane hadde også klart langt på veg å føresjå ein auke i valdeltakinga. Der dei hadde justert den forventa deltakinga frå 65 til 75 % dei siste vekene, enda den på 78 %.

Forsker og professor Bernt Aardal

Bernt Aardal, professor i statsvitskap, trur ikkje nødvendigvis det blir lettare å føresjå resultata i andre omgang av det franske presidentvalet. -Spenninga ikkje er over.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Men sjølv om dei har treft så godt betyr det ikkje at dei nødvendigvis har gjort alt rett, for det er jo eit betydeleg element av flaks også, for å seie det litt uvitskapeleg, i denne samanhengen, seier Aardal, og viser bl.a. til den store delen usikre veljarar i forkant av valet.

Så mange som ein tredel av veljarane hadde ikkje bestemt seg berre dagar før valet, noko som gjorde det vanskelegare for meiningsmålarane.

Få skjulte Le Pen-sympatisørar

Den amerikanske «statistikk-guruen» Nate Silver meiner at parallellen mellom Le Pen og Brexit og Trump er overdrive, noko Aardal er einig i.

Generelt er denne tendensen der ein prøvar å forklare alt som skjer ut ifrå ei forklaringsramme er altfor enkelt, meiner Aardal.

Silver viser også til ei oversikt han har laga som avviser myten om «skjulte Le Pen-sympatisørar», i tråd med teorien som seier at folk er redde for å vise si støtte til politisk ukorrekte kandidatar. Den viser samanhengen mellom meiningsmålingar og endelege resultat for ei rekke høgrepopulistiske parti i ulike europeiske val dei siste åra.

Laster Twitter-innhold

Aardal peikar på at ein i Frankrike ikkje er så avhengige av telefonintervju, og brukar nettundersøkingar i større grad.

– No kan dei også vere problematiske, men det kan samtidig sjå ut som at ein i Frankrike har hatt betre utval i undersøkingane.

Ikkje nødvendigvis lettare i andre omgang

7. mai er det klart for andre valomgang. Her er det berre to valalternativ – enklare for veljarane, og kanskje også meiningsmålarane?

– Ikkje nødvendigvis. Det som kjem til å bli den store utfordringa no er jo kva kandidat som klarer å mobilisere veljarar som ikkje stemte på dei i første omgang. Her kjem nettopp denne uvissa blant veljarane inn, seier Aardal.

COMBO-FRANCE2017-VOTE

Sjølv om talet på alternative kandidatar er nede i to, er ikkje valet franskmennene skal ta 7.mai nødvendigvis lett.

Foto: ERIC FEFERBERG / AFP

Silver peikar på at sjølv med store feilmarginar skal det mykje til at Le Pen vinn, med Macron 26 prosentpoeng føre ho på målingane.

«Kommentatorar og andre politiske observatørar har ofte ein svak intuisjon når det gjeld å oversetje meiningsmålingar til sannsyn, og steller seg likt til situasjonar der ein kandidat har ei knapp, skjør leiing som til kandidatar med ei tosifra leiing. Ironisk nok er det den same tankegangen som fekk folk til å undervurdere sjansane for Trump og Brexit som får dei til å overvurdere Le Pens sjansar.»

Ifølge Ipsos har 62 % tenkt å stemme på Macron.

Dermed ser det ut som Emmanuel Macron blir Frankrikes neste president – om vi skal stole på meiningsmålingane.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt