Hopp til innhold
Kommentar

Valdtekt i krig er meir enn brutalitet

Det er eit våpen som kan øydeleggje i generasjonar, ein strategi for å bryte ned heile samfunn.

Nadia Murad og Denis Mukwege etter søndagens pressekonferanse.

Nadia Murad og Denis Mukwege etter søndagens pressekonferanse.

Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP

Årets fredspris blir mottatt med begeistring. Den er eit gjennombrot for ei relativt ny erkjenning; at seksualisert vald i krig er meir enn brutalitet - det er eit våpen.

Valdtekt i krig har ei lang og brutal historie. Våren 1945 – idet russarane tar Berlin – sit ei tysk kvinne og skriv dagbok:

Marta Hillers' bok var anonym helt til etter hennes død

Marta Hillers' bok var anonym helt til etter hennes død.

«No sit eg her ved kjøkkenbordet, har nettopp fylt fyllepennen med blekk og skriv, skriv, skriv alt dette virvaret ut av hovudet og hjartet. Korleis skal dette gå? Kva har vi i vente? Eg føler meg så klebrig, vil ikkje ta på noko som helst, vil helst sleppe å røre mi eiga hud … den stakkars tilskitna, misbrukte kroppen min».

Boka kjem ut først i 1954. I USA, først nokre år seinare i Tyskland.

Forfattaren er anonym, mottakinga kjølig. Ho bringar skam over tyske kvinners ære, meiner mange. Andre reagerer fordi boka set russiske soldatar i eit dårleg lys. Dette var ikkje ei historie som var velkomen.

Menns ukontrollerte makt

Valdtekt i krig er like gamalt som krigen sjølv, men synet på kva valdtekt i krig er har endra seg. Det er det som manifesterer seg i årets fredspris til Denis Mukwege og Nadia Murad.

Justin Trudeau og Nadia Murad

Canadas statsminister Justin Trudeau trøystar Nadia Murad under eit møte i Paris.

Foto: Jean-francois Badias / AP

Tradisjonelt har krigsvaldtektene blitt sett som eit uttrykk for krigens brutalitet og menns ukontrollerte makt.

Først dei siste åra har det gradvis vakse fram ei erkjenning av noko meir.

At valdtekt er eit våpen - eit strategisk, grufullt våpen som skal råke sivile, audmjuke og bryte ned enkeltmenneske og heile samfunn.

– Seksualisert vald er folkemord, seier fredsprisvinnar Denis Mukwege.

Fødselslegen frå Kongo

Han er den 63 år gamle fødselslegen som har brukt livet sitt på kvinner som er utsette for seksualisert vald. Han har hjelpt tusenvis av øydelagde kvinner. Han har ført kampen for erkjenninga av valdtekt som våpen i krig.

Denis Mukwege

Denis Mukwege har brukt sin legegjerning til å hjelpe kvinner som har vore utsett for seksuell krigføring.

Foto: Alain Wandimoyi / AFP

– Det er ein måte å traumatisere heile samfunn på. Det har den same effekten som kjemiske våpen. Folk drar frå landsbyane, kvinnene blir øydelagde og ute av stand til å føre samfunna vidare, seier Mukwege i ei skakande reportasje her i NRK denne veka.

Jesidi-kvinna som vitnar

Nadia Murad er den 25 år gamle kvinna frå Jesidi-minoriteten i Irak som vitnar. Ho sat i månadsvis i IS-fangenskap i 2014, blei valdteken, torturert og misbrukt på det grovaste. Men klarte å rømme etter tre månadar.

Ho fekk behandling for skadene i Tyskland. Og valde å fortelje si historie, trass i det stigma det påfører henne - også i eigen kultur. I desember 2015 vitna ho i FNs tryggingsråd. At det kostar henne å stå fram, fekk NRK-publikumet erfare då ho braut saman i Urix-studio i 2016.

Balkan og Rwanda

Det var krigane på Balkan og folkemordet i Rwanda på nittitalet som for alvor viste at valdtekt i krig var meir enn brutalitet. At det handla om krigsbrotsverk.

I Bosnia blei kvinner systematisk valdtekne i leirar. FN-domstolen for det tidlegare Jugoslavia dømde valdtektsmenn som krigsforbrytarar. Det hadde aldri skjedd før.

I år 2000 vedtok FNs tryggingsråd resolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik. Den slår fast at kvinner har eit anna behov for beskyttelse enn menn, mellom anna grunna seksualisert vald.

Ifølgje FN blei opp mot 50.000 kvinner valdtekne i krigane i det tidlegare Jugoslavia, det tilsvarande talet for Rwanda er opp mot ein halv million kvinner. I løpet av nokre månadar. Ufatteleg.

Seksualisert vald blir brukt i fleire titals krigar i dag.

Marta Hillers i Berlin

Kvinna i Berlin levde med historia si til ho døydde i 2001. Først etter hennar død blei identiteten kjend. Ho heitte Marta Hillers og livnærte seg som journalist inntil boka kom ut på tysk i 1959.

I dagboka frå krigens Berlin skriv ho:

«Vi har alle saman blitt gløymde, vi lyttar ut i tomleiken, men vi er aleine. Vi er rettslause, krigsbyte, skit.»

Fredsprisen for 2018 til Nadia Murad og Denis Mukwege tvingar verda til å sjå.

SISTE NYTT

Siste nytt