Hopp til innhold

FN: – Overgrepa i flyktningleirane vil auka

Kvinner og born som kjem til flyktningleirane på Afrikas Horn får mat og medisinar, men risikerer å verta valdtekne og plyndra. Valden i leirane aukar, opplyser FN.

Video Valdtekter i flyktningleirane på Afrikas Horn

Kvinner i flyktningleirane i Somalia seier førekomsten av valdtekter og overfall er høg. Overbefolka leirar fører til meir vald, opplyser FN.

Den gnagande svolten er ikkje det einaste som trugar menneska som når fram til flyktningleirane på Afrikas Horn.

Dei underernærte og ofte svært sjuke flyktningane fortel at mange leirar er overfylte og at kriminelle utnyttar den kaotiske situasjonen som har oppstått.

FN har hittil registrert 87 tilfelle av seksuell vald i flyktningleirane, men fryktar at mørketala er høge.

Valdteken på vedsanking

Valdtekter, plyndring og skyting skjer no både på utsida og på innsida av flyktningleirane. Det har ungjenta Rukiyah Abdukadir fått kjenna på kroppen.

Abdukadir (16) måtte flykta frå heimlandet Somalia då tørken nok ein gong tok knekkjen på familien sine avlingar. I ein flyktningleir i Etiopia fekk ho hjelp - men vart også valdteken.

Jenta hogde ved til eit bål då ein mann kom bort og spurde om å få låna øksa hennar. Då ho sa nei, overfall han henne.

– Eg datt ned, deretter tok han tak i nakken min og misbrukte meg, fortel Abdukadir til nyheitsbyrået AFP.

SOMALIA-FAMINE/

Fleirtalet av dei som kjem til flyktningleirane er kvinner og born.

Foto: OMAR FARUK / Reuters

FN: – Vil bli verre

– Tryggleiken i leiren er ikkje god nok, seier Abdukadir.

FN stadfestar at det skjer overgrep i leirane. Hittil er 87 tilfelle innrapporterte - eit relativt lågt tal, ifølgje organisasjonen.

FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR) er likevel uroa over situasjonen. Nyleg vart eit lite born valdteke av ein ung mann i ein av dei nyaste flyktningleirane i Etiopia.

– Eg trur valden i leirane vil auka etterkvart som tida går, seier Jo Hegenaur som er krisekoordinator i UNHCR.

– Trange kår og frustrasjon

Tørkekatastrofen på Afrikas Horn er så ekstrem at millionar er drivne på flukt i desperat søken etter mat, vatn og livsviktige medisinar.

Kapasiteten til mange av flyktningleirane er sprengd, og dei tørkeråka må bu som sild i tønne.

Krisekoordinatoren Hegenaur veit at trange kår og lediggang kan avla vald:

– Livet i leiren er ikkje eit verkeleg liv. Det er ei veldig frustrerande tilvære som kan utløysa valdeleg åtferd av ulike former.

(Saken fortsetter under bildet)

Halima Hassan Hilowle

Halima Hassan Hilowle frykta for tryggleiken til seg sjølv og borna i medan ho budde i ein av flyktningleirane i Mogadishu, Somalia.

Foto: France24

Mat eller tryggleik

Men valdtekstofferet Abdukadir er avhengig av hjelpen ho får i den ørken-omkrinsa Kobe-leiren sør i Etiopia. Ho har ingen andre stader å gå, og oppheld seg framleis i ei bambushytte i den same leiren der overgrepet fann stad.

I Somalia har dei utsvoltne flyktningane to umenneskelege alternativ: utrygge leirar med mat, eller trygge leirar utan mat.

Distribusjonen av naudmat, vatn og medisinar går nemleg til leirane drifta av dei frivillige organisasjonane, der vakthaldet er dårleg og kriminaliteten aukande.

Ved andre leirar, styrte av privatpersonar, er tryggleiken god ettersom områda er omringa av militstroppar. Mat kan dei derimot ikkje tilby. Men for sjubarnsmora Halima Hassan Hilowle var tryggleiken viktigare enn naudprovianten.

– Eg er redd

– Eg er redd. Eg kunne ikkje bli der med borna mine. Det er væpna menn der og ein høyrer skot heile tida. Eg er også redd for å verta valdteken. I denne leiren har me tryggingsvaktar, difor vil eg heller vera her.

Hassan Hilowle har flytta frå den offentlege Bad Bado-leiren med naudhjelps-distribusjon til ein privat leir.

Sjefen for Bad Bado erkjenner at det har oppstått lovlause tilstander i leiren og lovar betring:

– Me har løyst problemet med tryggleiken. Me har nyleg sett opp ein politipost, me har ein politisjef inne i leiren og somalisk militære er stasjonerte ute på gata. Leiren er trygg no, seier Adbulahi Ibrahim til fjernsynsstasjonen France24.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt