Valdsbruk stansar arabisk observatørstyrke i Syria

Den arabiske liga har gitt ordre til observatørstyrken i Syria om å stanse arbeidet på grunn av ein kraftig auke i valdsbruken dei siste dagane.

Demonstrantar på flukt i Daraa fredag.

Det braut ut skyting under ei gravferd i byen Daraa fredag.

Foto: - / Afp
Bent Tanstad
Journalist

Ein anonym tenestemann i Den arabiske liga seier til nyheitsbyrået AFP at observatørane skal stanse arbeidet sitt inntil vidare. Litt seinare kom det ei offisiell stadfesting av meldinga.

193 drepne sidan tysdag

Demonstrasjon mot regimet i Syria.

Ein ungdom ropar slagord mot regimet under ein demonstrasjon like utanfor Damaskus fredag.

Foto: AHMED JADALLAH / Reuters

Ei oversikt AFP har laga, basert på tal innhenta frå både syriske styresmakter og frå opposisjonsgrupper, viser at minst 193 menneske er drepne i Syria sidan sist tysdag. Dei fleste av dei drepne skal vere sivile.

Den arabiske liga har 165 observatørar i Syria. Dei skal overvake at partane held ein avtale om stans i valdsbruken, om at fangar skal setjast fri og at stridsvogner skal trekkjast ut frå bustadområde. Samstundes gir avtalen både observatørar og utanlandske journalistar rett til å reise fritt over heile landet.

Ingen av punkta i avtalen er etterlevd.

Den syriske opposisjonen hevdar at iranske soldatar er med på å massakrere sivile i Syria. I går sa ei oppisjonsgruppe at dei hadde bevis for at iranske soldatar kjempar på regimet si side i Syria.

– Valden har eskalert

Leiaren for observatørkorpset frå Den arabiske liga, den sudanske generalen Mohammed Ahmed Mustafa al-Dabi, sa i går at valden har eskalert dramatisk dei siste dagane, spesielt i byane Homs, Hama og Idlib.

Mustafa Dabi leier observatørane i Syria.

Mustafa al-Dabi er leiar for dei arabiske observatørane i Syria.

Foto: ASHRAF SHAZLY / Afp

I dag fortalde ein aktivist i den syriske opposisjonen at 17 drepne menn vart funne i byen Hama. Aktivisten fortel at tryggingsstyrkar har teke livet av mennene og dumpa dei midt i eit bustadområde i byen.

– Mennen ser nærmast ut til å ha blitt avretta. Nesten alle er skotne med ei kule i hovudet, seier aktivisten Abu al-Walid til Reuters.

Bakhaldsangrep mot soldatar

Samstundes melder syriske offisielle medium at ei terrorgruppe i dag gjekk til angrep på ein buss som frakta soldatar i Damaskus-provinsen, og at sju av soldatane vart drepne. Det skal vere snakk om eit bakhaldsangrep ved byen Douma, ikkje langt frå Damaskus.

I går skal 12 soldatar ha blitt drepne i to ulike angrep,

Syrisk opposisjonsgruppe held gravferd over ein av sine falne i Saqba i Syria fredag.

Opposisjonen markerte seg under ei gravferd i Saqba like utanfor Damaskus fredag.

Foto: AHMED JADALLAH / Reuters

I går melde FNs barnefond UNICEF at minst 384 born er drepne i løpet av ti månader med opprør i Syria. UNICEF baserer tala sine på informasjon frå menneskerettsgrupper dei ser på som pålitelege.

LES OGSÅ: Stormet den syriske ambassaden i Kairo

LES OGSÅ: - Kommer aldri til å gi seg

Usemje i Tryggingsrådet

Opprøret mot regimet til president Bahsar al-Assad gripe stadig meir om seg i Syria, men presidenten viser ingen teikn til å ville gi opp. I natt diskuterte Tryggingsrådet i FN eit forslag frå ein del europeiske- og arabiske land, der det blant anna blir kravd at Bashar al-Assad overfører makta si til visepresidenten.

Russland har gjort det klart at dei ikkje vil støtte eit forslag til resolusjon som krev ei regimeendring.

Det er ikkje venta ei avrøysting om forslaget i Tryggingsrådet før tidlegast tysdag i komande veke.

LES OGSÅ: Kaller hjem observatører

LES OGSÅ: Al-Assad: – Ei samansverjing mot Syria

Demonstrasjon mot det syriske regimet i Kafranbel nær Idlib.

Demonstrasjonane mot det syriske regimet held fram over heile Syria. Her frå Kafranbel nær Idlib. Her har dei teikna inn også Vladimir Putin, fordi Russland truleg vil leggje ned veto mot ein resolusjon i Tryggingsrådet.

Foto: HANDOUT / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt