Trass i at både regjeringa og den tamilske LTTE-geriljaen, Tamiltigrane, har sagt at dei vil etterleve våpenkvileavtalen, held uroa fram.
Tryggingstiltaka i hovudstaden Colombo er svært omfattande etter uroa den siste tida. (Foto: AFP/Scanpix)
I dag vart fem soldatar drepne i tre ulike angrep som LTTE-geriljaen truleg står bak.
Etter at 10 menneske vart drepne, og den srilankiske hærsjefen vart livstruande skadd, i ein sjølvmordsaksjon sist tysdag, svarte regjeringsstyrkane med å bombe eit område ved Trincomalee nordaust på Sri Lanka.
Fleire tusen menneske er på flukt frå området som vart bomba, stadfestar Lyndon Jeffels, talsmann for UNRA, FNs byrå for flyktningar. Han veit ikkje det eksakte talet på flyktningar, men seier i eit intervju med BBC at det er snakk om fleire tusen.
Ein representant for Tamiltigrane seier at over 40.000 tamiliar er på flukt etter bombeangrepa i går. Dette blir blankt avvist av srilankiske styersmakter, som seier at det bur under 20.000 menneske i området.
Ein prest i byen Muttur seier at 130 personar har søkt tilflukt i ei kyrkje i byen.
Noreg spelar ei viktig rolle i fredsprosessen i Sri Lanka, og bistandsminister Erik Solheim (SV) er ansvarleg for den norske innsatsen. Han har framleis eit godt håp om å unngå at Sri Lanka på nytt skal bli ramma av borgarkrig.
Trass iherdige forsøk har det ikkje lukkast å få partane i konflikten til å blir samde om nye forhandlingar.