Hopp til innhold

Valden aukar i Afghanistan

Dagen før presidentvalet har den afghanske hovudstaden vore ramma av feire eksplosjonar og skotvekslingar. Valden hindrar valprosessen i landet.

Afghanistan
Foto: BEHROUZ MEHRI / AFP

Seks valarbeidarar er i dag drepne i ulike åtak i Afghanistan.

I tillegg vart tre væpna personar i dag tidleg drepne av politiet etter å ha storma ein bank nær presidentpalasset i Kabul.

Les: Væpnede menn stormet bank i Kabul

Taliban hevdar dei står bak åtaket i banken og at dette er eit ledd ein større kampanje for å skape problem før valet i morgon, men dette kan ifølgje BBC ikkje stadfestast.

Ein talsmann for innanriksdepartementet seier det er snakk om eit mislukka bankran utført av kriminelle.

I går vart sju personar drepne i eit sjølvmordsåtak i Kabul . To av dei drepne var afghanske FN-tilsette.

Video nsps_upload_2009_8_19_19_28_26_2637.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Åtak på journalistar

Afghanske og internasjonale journalistar som er i Afghanista for å dekkje valet, rapporterer at dei har vorte trakasserte og i nokre tilfelle også utsette for vald når dei prøver å dekkje valdelege hendingar.

Samstundes har regjeringa i Afghanistan i dag nekta afghanske medium å rapportere om eventuelle valdshandlingar mellom klokka 06 og 18 på valdagen.

Forbodet vert forklart med frykt for at mange av veljarane skal halde seg heime, etter at Taliban har trua med å angripe vallokalar på valdagen.

Forbodet får krass kritikk, og fleire journalistar varslar at dei kjem til å ignorere det.

Ifølgje ei FN-kjelde har FN- utsendinga til Afghanistan i dag kontakta utanriksdepartementet i landet og spurt om ei forklaring på forbodet.

Hindrar valprosessen

Afghanistan

Ein afghansk soldat på vakt i Herat dagen før presidentvalet.

Foto: BEHROUZ MEHRI / AFP

Den dårlege tryggleiken i landet hindrar også utsendinga av røystesetlar og valurner.

I ettermiddag mangla 20 prosent av røystelokala tilstrekkjeleg utstyr for å gjennomføre valet i morgon.

- Vi har problem med å forsyne nokre av valsentera med materiale, seier Daud Ali Najafi i valkommisjonen i Afghanistan.

Valutstyret som eigentleg skulle distribuerast til vallokala med helikopter, må no fraktast av hæren. Valkommisjonen veit framleis ikkje kor mange av dei 6 000 vallokala som kjem til å halde ope som planlagt.