NRK Meny
Normal

Valdelege opptøyar i Bucuresti i natt

Minst 150.000 demonstrantar tok til gatene i Bucuresti i natt, noko som førte til fleire valdelege samanstøyt med politiet, etter ein omstridt oppmyking av korrupsjonslovene.

APTOPIX Romania Official Misconduct

Demonstrant i samanstøyt med opprørspolitiet i Bucuresti i natt

Foto: Vadim Ghirda / AP

Rundt 150.000 menneske demonstrerte i det kalde vintervêret i hovudstaden Bucuresti i natt, ifølgje BBC og rumenske nyheitsmedium, medan like mange har teke til gatene i andre byar. Det er også demonstrasjonar i Timisoara, byen der 1989-revolusjonen starta.

Demonstrasjonane er ifølge nyhetsbyrået AFP en av de største siden 1989.

Ei omstridd lov som gjer korrupsjon under 400.000 ikkje straffast med fengsel, har utløyst dei største demonstrasjonane i Romania sidan revolusjonen som gjorde slutt på Ceausescu-regimet.

150.000 demonstranter kastet røykbomber og fyrverkeri mot politiet i Bucuresti i natt. Opptøyene er de heftigste i Romania siden Ceausescu-regimet måtte gå av i 1989. De voldelige demonstrasjonene skyldes en omstridt lov som gjør korrupsjon under 400.000 kroner lovlig.

Demonstrantane krev at den sosialdemokratiske regjeringa må gå av, etter at dei sende ut eit haste-dekret om lovendringa i går.

– Designa for partileiar

Demonstrasjon i Bucuresti.

Demonstrantane minner om revolusjonen i Romania i 1989, då Ceausescu-regimet vart styrta.

Foto: Daniel Mihailescu / AFP

Her heiter det blant anna at berre er aktuelt med fengselsstraff, dersom korrupsjonen resulterer i eit pengetap på meir enn 44.000 euro, i underkant av 400.000 norske kroner.

Demonstrantane hevdar at den nye lova er spesialdesigna for leiaren for det sosialdemokratiske regjeringspartiet PSD, Liviu Dragnea, som vart dømd til to og eit halvt års fengsel på vilkår for korrupsjon og maktmisbruk for 24.000 euro, rundt 200.000 norske kroner.

Dette blir avvist av justisminister Florin Iordache. Han seier at det på ingen måte er noko hemmeleg, ulovleg eller umoralsk ved den nye lova. Han seier også at endringane er gjorde for å tilpasse lovverket til grunnlova.

Regjeringa seier også at dei vil leggje fram ei lov som vil føre til at 300 personar som sonar straffer på mindre enn fem års fengsel for ikkje valdelege brotsverk, skal setjast fri. Og grunnen, seier makthavarane, er at fengsla er overfylte.

Demonstrasjon i Bucuresti.

Demonstrasjonane i Bucuresti starta i går kveld og har halde fram i dag.

Foto: Daniel Mihailescu / AFP
Demonstrasjon i Bucuresti.

Demonstrantar kastar snøball på politiet under demonstrasjonen i Bucuresti.

Foto: Daniel Mihailescu / AFP

EU reagerer

Kritikarane seier på si side at det er stort sett politikarar og offentleg tilsette som sit inne for korrupsjon, som vil bli sette fri.

Mange politikarar og offentlege tenestemenn vart dømde for korrupsjon under ein kampanje mot økonomiske brotsverk i landet, noko som skjedde etter påtrykk frå EU. I 2015 vart blant andre dåverande statsminister Victor Ponta stilt for retten for skattesvik og kvitvasking av pengar.

Demonstrasjon i Bucuresti.

Demonstrantar bar plakatar med bilete av PSD-leiaren Liviu Dragnea med teksten nope (nei). Dei meiner den nye lova er spesialdesigna for at han skal sleppe fengselsstraff.

Foto: Vadim Ghirda / AP

Den nye lova regjeringa i Romania har innført har også fått alarmklokkene til å ringje i EU. President i EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker, er djupt uroa over det den rumenske regjeringa har gjort.

– Kampen mot korrupsjon må styrkjast og ikkje leggjast til side. Vi følgjer utviklinga i Romania med djup uro, heiter det i ei fråsegn frå Juncker og visepresident i kommisjonen, Frans Timmermans.

Presidenten kritisk

Så seint som sist veke gav EU-kommisjonen ros til Romania for framgangen landet har gjort på dette feltet etter at landet blei medlem i EU i 2007.

Også Romanias president Klaus Iohannis er sterkt kritisk til den nye lova, som han meiner er eit stort tilbakeslag i kampen mot korrupsjon.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt