Hopp til innhold

Valdeleg angrep på FN etter drap på terroristleiarar i Mali

Fleire sentrale islamistar er drepne i Mali av franske spesialstyrkar. Kort tid før nyheita vart offentleg kjend gjekk ein mann til angrep med automatgevær og granat på ein FN-base i hovudstaden Bamako.

MALI-CONFLICT-ARMY

Ein FN-soldat held vakt på staden der ein mann gjekk til angrep på FN-personell og FN-kjøretøy. Angrepet skjedde i hovudstaden Bamako, berre få dagar etter at to islamistleiarar vart drepne i Nord-Mali.

Foto: HABIBOU KOUYATE / Afp

Abdelkrim al-Targui var namnet på ein sentral person i Al-Qaida i Maghreb (AQMI). Gruppa har lenge bidrege til å skape uro i Nord-Mali og står bak mange angrep dei siste tre åra.

MALI-UN-UNREST

FN-styrken Minusma slit med å få kontroll over situasjonen i Nord-Mali.

Foto: ALOU SISSOKO / Afp

Gjekk til angrep med granatar

No er Al-Targui drepen. Han skal ha vore ein sentral person i dei aller fleste av kidnappingane av franske statsborgarar i Sahelbeltet.

Islamisten vart drepen av franske spesialstyrkar måndag kveld, og i same angrep skal også tre andre islamistar ha blitt drepne, deriblant Ibrahim Ag Inawalen som var ein sentral leiar i terroristgruppa Ansar Dine.

Kort tid etter at drapa vart kjente gjekk ein person til angrep på ein bygning i Bamako der FN-tilsette bur. Mannen skal ha skote med automatgevær mot bygningen og fleire bilar som står utanfor. Han skal også ha kasta granatar før han flykta, opplyser FN-operasjonen Minusma i eit presseutsegn.

Ingen vart drepne i angrepet, men ein vakt vart skadd. Etterforskarar kallar handlinga for ei «terrorhandling» og meiner angriparen også hadde medhjelparar.

Spent mellom Minusma og Mali

Ingen har teke på seg ansvaret for angrepet, men det skjer på eit tidspunkt der det er ei spent stemning mellom Minusma og maliske styresmakter.

Ifølgje nyheitsbyrået AFP sa Malis president Ibrahim Boubacar Keita på eit møte fredag førre veke at Minusma verken bidreg eller ofrar nok for å stanse konflikten i landet. Det sa han berre minutt etter at FN hadde sagt at alle partar i konflikten, også maliske styresmakter, stod ansvarlege for brot på våpenkvila i landet.

MALI-CONFLICT-PEACE

Eit utkast til fredsavtale vart signert under ein seremoni i Bamako førre fredag. Men deler av tuaregopprørarane møtte ikkje på seremonien.

Foto: HABIBOU KOUYATE / Afp

Også i mars skjedde det eit terrorangrep i Malis hovudstad Bamako, då fem menneske vart drepne i eit nattklubbangrep.

Dei siste vekene har fleire maliske soldatar mista livet i fleire angrep nord i landet. Konflikten i Nord-Mali er komplisert og består av fleire krigande grupperingar.

Ein konflikt står mellom maliske styresmakter og fleire grupper med personar frå tuaregstammen. Tuaregane ønskjer sin eigen stat som dei kallar Azawad, og tek i bruk våpen for å oppnå dette. Partane forhandlar for tida om ein fredsavtale, med Algerie som meklarar.

Starta i Libya

Førre veke vart eit utkast til avtale signert i Bamako, men det står framleis att ein del arbeid før det er snakk om langvarig fred mellom maliske styresmakter og tuaregane.

Ein annan konflikt står mellom maliske styresmakter og fleire islamistiske grupper. Dei islamistiske grupper ønsker å opprette ein stat der sharialover er gjeldande.

Konflikten i Nord-Mali starta i januar 2012 då tuaregar vende heim til Mali etter å ha kjempa for tidlegare president i Libya, Muammar Gaddafi, som vart drepen i oktober 2011.

Men det som starta som ein frigjeringskamp vart etter kvart til ein krig der også islamistiske grupper tok del. Og FN-operasjonen Minusma har førebels ikkje klart å skape ro i Mali og har måtte tole mykje kritikk.

SISTE NYTT

Siste nytt