Valdagsmålingar i Israel: Verken Netanyahu eller Gantz får fleirtal

Verken Benjamin Netanyahu frå Likud eller Benny Gantz frå felleslista Blått og kvitt får fleirtal i Knesset, ifølgje valdagsmålingane i samband med det israelske valet. Oppslutninga om dei to partia er nesten like stor.

161dfc3e-73c4-4ff6-beee-36bac1132a26

Statsminister Benjamin Netanyahu og kona Sarah kom til stemmelokalet i morgontimane tysdag.

Foto: Heidi Levine / AP

Tysdag gjekk israelarane til val for andre gong i år. Rundt 6,4 millionar israelarar har stemmerett, og dei vel 10.000 vallokala stengde klokka 21 norsk tid.

Målingane frå tre TV-selskap viser at Netanyahu sin utfordrar, Benny Gantz i Blått og kvitt ligg berre litt framfor Netanyahu i oppslutning.

Dermed er det klart at Netanyahu og hans allierte ikkje har greidd å sikre seg fleirtal i nasjonalforsamlinga Knesset.

Både Likud og Blått og kvitt ser ut til å få mellom 31 og 34 plassar i Knesset.

Offisielle resultat er truleg klare onsdag.

f28fffa6-362f-487a-bd5b-9322855fc044

Benny Gantz er leiar for felleslista Blått og kvitt. Her er han med kona Revital ved et vallokale i Rosh Hayyin i Israel.

Foto: Sebastian Scheiner / AP

Kan hamne i fengsel

Nyvalet blir omtalt som heilt avgjerande for framtida til både statsministeren, landet, og tostatsløysinga.

Statsminister Benjamin Netanyahu er skulda for korrupsjon, og eitt av måla hans som statsminister i ein ny periode er å få på plass eit lovforslag som sikrar han immunitet frå straffeforfølging.

Dersom han ikkje greier å danne regjering, risikerer han å ende i fengsel.

Det konservative Likud-partiet vann valet i april, men Netanyahu greidde ikkje å danne ei koalisjonsregjering med minst halvparten av seta i Knesset.

Var jamt på meiningsmålingane

Dei siste meiningsmålingane kom fredag, og viste at det var heilt jamt mellom Netanyahus Likud og utfordrar Benny Gantz i felleslista Blått og kvitt. Og forsvarsminister Avigdor Lieberman og partiet han leier, Yisrael Beiteinu, låg an til å doble oppslutnaden.

Viktige saker i valkampen har handla om tryggleik, sosiale og økonomiske skilnader, dei høge bustadprisane, helse og utdanning.

Netanyahu har sagt at han vil annektere den okkuperte Jordandalen like etter valet dersom han vinn, og andre delar av den okkuperte Vestbreidda etter kvart. Dette har vekt sterke reaksjonar i dei palestinske områda.

Ein talsmann for FNs generalsekretær, António Guterres har også kritisert Netanyahu for dette.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu besøkte søndag områder på den okkuperte Vestbredden.

Statsminister Benjamin Netanyahu besøkte søndag fleire område inne på den okkuperte Vestbreidda. Han lovar å annektere busetnadene dersom han blir attvald.

Foto: AMIR COHEN

SISTE NYTT

Siste nytt